Onsdag 15.juli 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Arresten/ A.Lem på Bryggja

Arresten på Bryggja © Rigmor Navekvien
Arresten på Bryggja
Rigmor Navekvien
Omringa av gamle ærverdige tre ligg det gamle Lensmannstunet på Bryggja. Eitt av husa vert kalla Arresten.

Huset.
Huset Arresten står i stil med hovudbygningen, og er måla i same gulfargen. Det blinkar i dei små rutete vindauga. Det einaste bygningsmessige som fortel at dette huset har vore brukt til arrest, er det solide jerngitteret i glaskarmen. For å sjå det må ein heilt inn til huset.

Eitt av fleire.
Bygningane i Lensmannstunet på Bryggja vart bygde i tidsrommet 1860-1870, før tunet vart lensmannsgard. Lensmann Arnoldus Lem fekk skøyte på eigedomen, bruk nr.10 på Maurstad i 1876. Lensmannen tok huset som no vert kalla Arresten i bruk til kontor og arrestlokale.

Eldre folk hugsar.
Bryggja høyrde til Davik kommune fram til 1964 då bygda vart lagt til Vågsøy kommune. Det var lensmannsfolk i lensmannstunet på Bryggja frå 1876 til 1916. Eldre folk hugsar klasseskilnaden mellom vanlege bygdefolk og folka i lensmannsgarden. Der var det tenestefolk og guvernante. Dei hugsar og at der var innsette i arresten, i somme høve fangar som skulle vidare til fengslet i Vik i Sogn. Lensmann Lem døydde i 1925, og husa skifta eigar. Men Arresten står der som eit pust frå ei anna tid.

Lensmann A. Lem.
Lensmann Arnoldus Lem var fødd 8.februar 1847 i Førde. Foreldra var lensmann Arnoldus Hess Lem og Andrea Olava Lem.
Arnoldus Lem © ukjent
Arnoldus Lem
ukjent
I åra 1865-1869 var han kontorist hjå futen i Sogn, i 1869-1872 kontorist hjå sorenskrivaren i Indre Sogn og i perioden 1873-1875 kontorist hjå Amtmannen i Sogn og Fjordane. Han var gift med Anna Elisabeth Paasche og budde på garden sin Maurstad til han døydde 3. mars 1925. Arnoldus Lem var lensmann i Davik frå 1875 til 1916. Då han slutta møtte formannskapet opp i heimen hans og overrekte eit gullur med kjede for lang og tru teneste.

Rigmor Navekvien. 2000.
Trekningsliste Bryggja skulekorps 23.06.2020
Bryggja Skulekorps
Sakliste og rekneskap til årsmøte i Bryggja utviklingslag den 29.06.2020
Plakat på saniteten sine onsdagsturane frå mai til 9.september 2020
Bryggja Sanitetsforening
Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun

 

15. jul
Onsdagstur til Skorsteinshola frå Navevatnet (nye skogsvegen)
Bryggja Sanitetsforening
22. jul
Onsdagstur Sætrevatnet frå Fagerlida
Bryggja Sanitetsforening
29. jul
Onsdagstur / Kløvertur til Tofta
Bryggja Sanitetsforening
5. aug
Onsdagstur til Yste Raudeggjevatnet frå Brunsvika
Bryggja Sanitetsforening
12. aug
Onsdagsturen til Ytre Hundeidesetra. Fellestur med Kjølsdalen. Merk kl 17.45 frå busskuret ved Bryggja Grendahus
Bryggja Sanitetsforening
16. aug
Søndag tur ilag med saniteten til Mosekleivhornet frå Hoddevikfjellet Stadt (fellestur), start kl 09.15
Bryggja Sanitetsforening
26. aug
Onsdagsturen/ Kløvertur til Navestøylen i Kjølsdalen, event til vatnet (fellestur), merk tidspunkt kl 17.30
Bryggja Sanitetsforening
2. sep
Onsdagstur til Rimsstadosen. Sløyfer setra i år også.
Bryggja Sanitetsforening
9. sep
Onsdagstur Torvhuse i trimløypa v/vassverket (grilling) KLØVERTUR
Bryggja Sanitetsforening
4. okt
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening