Eit svært dyktig kristeleg mannskor i bygda vår, som kalla seg Brødrekoret, var aktive frå 1935 til ca. 1970. Dei vart mykje nytta både her i bygda og i distriktet rundt.
Brødrekoret
Biletet er frå ein tur til øya Silda rett etter krigen, truleg i 1946.
Framme f.v.: Olav Rundshaug, Jorgen Gjesdal, Torleif Gjesdal og Lars Hole.
Bak f.v.:Olav Bjørhovde, Jakob Hessevik og Jostein Hole.
Utan om desse var Elias Bjørhovde og Ola Kassen med i koret.
Anders Tenden og Hallstein Runshaug var òg med ei kort periode.
Koret hadde ikkje dirigent, men Lars Hole var leiar.