Søndag 15.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Isproduksjon


Is, Ein eksportartikkel frå bygda for nokre tiår tilbake
Istaking-1950 © A.Nore
Istaking-1950
A.Nore
F.v.Einar Brobakke, Einar Midthjell, Nils Heggheim, Hjalmar Brobakke, Sverre Nore og Rasmus M.Nave
I tida frå om lag år 1930 og fram til sist på femtitalet vart det om vintrane levert mykje is frå Bryggja til fiskeribedrifter i Måløy.
Isen vart henta frå Navevatnet, og i periodar frå Juvatnet. Den vart saga i blokker, fløyta til land og lasta opp for transport til sjøen og videre skiping til Måløy.
Hestetransport vart nytta i byrjinga, før lastebilen overtok.
Saginga vart utført for hand dei fyrste åra, seinere vart den motorisert.
Knusing og lasting foregjekk fyrst på “ Ishuset" ved dampskipsekspedisjonen, dei siste åra på "Norakaia ". Denne aktiviteten gav mange sesongarbeidsplasser for folk i bygda.
Aktørane som dreiv dette var: fyrst Lefdal Fiskeriselskap/ Rasmus M. Nave. Seinare Jens Åsen og dei siste åra Knut Nore.
Viser elles til artikkel av Dagfinn Hessevik i Årbok for Nordfjord 1997.
- Harald Maurstad -

Istaking-1955 © Nore
Istaking-1955
Nore
Mannen ved krana er Karstein Nore

Istaking/motorsag-1955 © Nore
Istaking/motorsag-1955
Nore
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind