Måndag 20.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Vedtekter

§ 1 Formål
Bryggja Utviklingslag er eit fellesorgan for dei næringsdrivande, organisasjonar og lokalbefolkninga, som har interesse knytta til lokalsamfunnet innan laget sitt geografiske virkeområde. Bryggja Utviklingslag skal gjennom samling og koordinering av krefter og interesser arbeide for ei sunn utvikling av lokalsamfunnet, samt framheve lokalbefolkninga si rolle og verdi andsynes samfunn og styresmakter.

§ 2 Virkeområde
1.Opptre som lokalsamfunnet sin felles interesseorganisasjon og talerøyr
2.Vere rådgjevande organ
3.Arbeide kontinuerleg for å påverke lokale styresmakter med tilrettelegging av lokalsamfunnet sine interesser
4.Drive opplysningsarbeid med særleg vekt på å auke forståing og aksept for laget si rolle og verdi i lokalsamfunnet
5.Stimulere til auka næringsutvikling i virkeområdet

§ 3 Styret
Styret skal ha 5 medlemer og 3 varamedlemer. Styret er vedtaksført når minst 3 av styremedlemane er til stades. Ved likt stemmetal i styret, har leiaren dobbelstemme. Styret bør vere representert med begge kjønn. Møtereferat og vedtak skal offentleggjerast.

§ 4 Årsmøtet
Årsmøtet er utviklingslaget sitt høgste organ, og skal haldast kvart år innan utgangen av mars.
Årsmøtet skal innkallast med minst 1 månads varsel. Innkallinga vert kunngjort i det presseorgan som styret finn høveleg. Framlegg til årsmøtet kan fremjast av alle, og må vere styret i hende seinast 3 veker før årsmøtet. Seinast 1 veke før årsmøtet skal styret sende ut framlegg til sakliste, innkomne framlegg med innstilling, samt øvrige årsmøtedokument. Årsmeldinga vert utdelt på årsmøtet. Det skal skrivast årsmøteprotokoll.

§ 5 Mynde og oppgåver til årsmøtet
1. Årsmøteopning av leiar.
2. Konstituering – val av ordstyrar, referent og to personar til å skrive under møteprotokoll.
3. Godkjenning av innkalling og sakliste.
4. Årsmelding.
5. Årsrekneskap.
6. Val av leiar for 1 år.
7. Val av 4 styremedlemer for 2 år, der 2 går ut kvart år. Styret konstituerer seg sjølv, og vel nestleiar, kasserar og sekretær.
8. Val av 3 varamedlemer i nummerorden til styret. Funksjonstid 1 år.
9. Val av valnemnd på 3 medlemer for 3 år, der ein går ut kvart år.
10. Val av 2 revisorar for 2 år, der ein går ut kvart år.
11.Innkomne saker.
12. Fastsetting av medlemskontingent.
§ 6 Stemmegjeving
Alle vedtak og val i utviklingslaget sine organ skal avgjerast med alminneleg fleirtal. Alle personar, lag og næringsdrivande som har betalt medlemskontingent har 1 stemme. Dersom ingen ved val oppnår alminneleg fleirtal ved første avstemming, skal det haldast omval mellom dei to som har oppnådd flest stemmer. Ved likt stemmetal skal valet avgjerast ved loddtrekking.

§ 7 Teieplikt
Den som i sitt arbeid for Bryggja Utviklingslag får innsyn i saker som krev konfidensiell behandling, pliktar å teie om dette.

§ 8 Vedtaksendringar
Endringar av vedtektene kan vedtakast på ordinært årsmøte, og då med minst 2/3 av stemmene.

§ 9 Oppløysing
Oppløysing av utviklingslaget må vedtakast på to ordinære årsmøter med minst 2/3 av dei frammøtte stemmeføre. Årsmøtet fordeler eit eventuelt økonomisk overskot.
Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H
Trekningslista frå sanitetsbasaren 1.okt 2017
Bryggja Sanitetsforening

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass