Måndag 20.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Lefdalsvatnet-områdetiltak

.

Dugnad med solpar til brua

Sjå bilder frå opninga av tursti 28.mai 2006


No er litt informasjon frå skulen komt på tavlene. Gå inn å sjå og les informasjonen.
Tavle -Sigrid set opp info frå skulen

Tavle- info om gyteforhold

Tavle- info om dybdeforhold og insekt




I april 2006 fekk Peder Ole Maurstad jamna stien på nordsida av vatnet, denne skal såast med frø. Fint å kome seg inn på neset no.
Lefdalsvatnet-jamna sti 2006




Dugnad i oktober 2005 Lefdalsvatnet haust © H. Maurstad
Ein søndag og nokre kveldar har vi brukt på å få opp dei 4 informasjonstavlene. Vi har grava, bora og støypt fundament og montert dei opp. Ei står ved Naveosen, ei på Strandabergsenden i skogsvegen, ei ved veien ned til Lefdalsvatnet og siste ned ved vatnet. Gå berre opp å sjå. Takk til Karl, Ragna, Alfred, Kim Andre, Magne og Randi som har montert.
Skulen har bygd dei og skal bruke dei til informasjon.

Steinbordet på Strandabergenden
Steinbordet på Strandabergenden
Peder Ole har plassert eit fint steinbord og steinbenk på turstien til Lefdalsvatnet.

tavle ved vatn-nov2005
tavle ved vatn-nov2005

tavle ved Heggheim-2005
tavle ved Heggheim-2005

tavle i fjell ved Strandaberget
tavle i fjell ved Strandaberget

tavle graving ved vatnet
tavle graving ved vatnet

tavlemontertring ved Strandaberget
tavlemontertring ved Strandaberget









Dugnader i august og september 2004
Takk til dei som var med på dugnad med saging og stabling av ved.
Stabling
Stabling
Slitne
Slitne
Saging i sept
Saging i sept
Pause
Pause
Dugnad i sept
Dugnad i sept




Dugnad den 16. august 2004

4H hadde første observasjon av egg i fuglekassene våren 2004

4H hadde tur til Lefdalsvatnet med mange fuglekasser 5. april 2004

Rapport frå dugnaden laurdag 8. november 2003
Dugnadsgjeng
Dugnadsgjeng
Vi bestemte på onsdagen før at vi samla oss til dugnad på laurdag. Vi hengde opp plakatar og oppfordra bygdefolk og 4H til å møte.

Vi takkar desse som møtte: Sagarane Kjell-Arne, Peder-Ole, Alfred, Idar, Magne. Ryddarane Ragna, Sigrid, Kim-Andre, Per Kroken og Randi.
Rydding av tre
Rydding av tre
Vi fekk saga ned alt som vi tenkte no i haust. Rydda vekk det meste av kvist og eine.
Ragna laga god betasuppe som vi varma oss på.
Matpause
Matpause
Vi fekk også kaffe og kaker til.
Det som står att å gjere no eller til våren er å kappe, kløyve og stable veden som vi kan bruke ved sitteplassane. Jamne underlaget og gruse plassane for dei 4 benkane. Stien er merka med raude sløyfer.

Lefdalsvatnet vinter © D.Solheim


Miljøkvalitet og kulturlandskap, og med tursti rundt vatnet

Historikk:
Der var synfaring 14.oktober 2003. Nokre grunneigarar gjekk rundt vatnet og prosjektansvarleg Randi Husevåg skreiv opp meiningar underveis. Rapporten og plan vidare med prosjektet er sendt til grunneigarane, skulen, 4H og jegerforeninga.
Dersom veret held så vert det starta med rydding i slutten av november i år.

Vi har søkt om midlar frå fylkesmannen om områdetiltak til Lefdalsvatnet.
Vi har fått tilsagn på kr 20000,- som vi får utbetalt dersom vi går inn på eit prosjekt som har med miljøkvalitet og kulturlandskap.

Bygdeutviklingslaget er ilag med Bryggja og omegn jeger- og fiskeforrening om dette prosjektet. Jegerforreninga har fått midlar til å forbedre vasskvaliteten i vatnet.
Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H
Trekningslista frå sanitetsbasaren 1.okt 2017
Bryggja Sanitetsforening

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass