Onsdag 22.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Totland Kyrkje

Totland kyrkje © ukjent
Totland kyrkje
ukjent
På Totland låg gravstaden ”Minne” som vart teken i bruk i 1894. Det var like før 1900 talet at tanken om å få reist eit kyrkjebygg på nordsida av fjorden vart teke opp.
Den 1. Oktober 1899 var eit titalls menn frå bygda samla inne i Hessevika, der dei fatta solydande vedtak: ” Da spørsmålet om opførelse af ny kirke for Rugsund sogn eller utvidelse af den gamle kirke har trengt sig saa langt frem.
Totland Kyrkje desember 2003 © Ann-Helen Sørhaug
Totland Kyrkje desember 2003
Ann-Helen Sørhaug
Kyrkja fekk nytt kobber beslag på kyrkjetårnet hausten 2003.
At der om ikke lang tid nødvendigvis vil blive foretaget det fornødne med anskaffelse af mer kirkerum, tror vi, undertegnede, at tiden er inne til at arbeide for opførelse af kirke på Totland. Til opnaaelse her af tror vi, at det vil vere nødvendigt at dær fra befolkningens side hersteds ydes frivillige bidrag. I den anledning opfordres enver efter evne ved herpåtegnet at tegne sig for et beløp, at gjøre sig at fremme en god sag for bygden, og et kjært ønske blive til virkelighet.”
Jos. M. Nore, Peder A. Nore, Steffen Fagerlid, Johan G. Totland, Olai A. Totland, John Runshaug, Isak Runshaug, Rasmus L. Rimstad, Iver J. Rimstad, Didrik A. Rimstad.
Det vart gått rundt med innsamlingsliste der husstandane i bygda gav frå 5 kroner til 100 kroner.

I Davik prestegjeld var det på denne tid tre kyrkjer. I Davik låg hovedkyrkja, og så hadde vi dei to annekskyrkjene, i Ålfoten og Rugsund-kyrkja som vi her høyrde til.

I ein protokoll for Rugsund Kirketilsyn av 20. Mars 1900, var tanken om oppføring av eit fjerde kyrkjebygg i prestegjeldet reist. På dette møtet deltok: Sokneprest Eide, V. Bakke, J. O. Bennes, dessutan var innkalla Johan Maurstad, J. L. Eldevik og byggmester Korsvoll.
Kyrkja i Rugsund hadde vorte for liten og trengte enten til utviding eller nybygg. På dette møtet vart det framsett heile fem forslag:
1. Istandsetjing av kyrkja i Rugsund utan utviding.
2. Utviding av kyrkja med nytt kor.
3. Flytting av kyrkja.
4. Heilt ny kyrkje i Rugsund.
5. Ny kyrkje på ein annan stad i soknet og med ca. 250 sitjeplassar.
Det var og tankar om å flytte gamlekyrkja i Rugsund til nordsida av fjorden. So var det ulike meiningar kor dette skulle løysast. Ikkje minst dette med eventuell fordeling av gudstenester om eit fjerde kyrkjebygg vart reist.

I ein Kyrkjetilsynsprotokoll er fyljande skreve: ”Rugsundkyrkja må blive felleskirke, med gudstjenester hovedsakelig i den for kirkesøkning gunstigste årstid, meden kirken på nordsiden blive å betrakte som hjelpekirke med gudstjenester hovedsakelig om vinteren, da i månedene februar og mars i vilken tid kirkesøkningen i Rugsund pleier vere høyst ubetydelig.”

Dette om å få ei kyrkje på denne sida av fjorden hadde nok ei årsak til at det var hendt eit par forlis på fjorden, eit i 1876 og i 1880, der folk på kyrkjeferd vart overraska av sterk vind, kyrkjebåten kantra og menneske omkom.

Det var i 1910 gjennom kongeleg resolusjon at det vart gjeve løyve til å føre opp Kapell ved gravstaden på Totland etter teikningar utarbeidd av arkitekt A. L. Sølvberg i Innvik og snikkar Jens Sølvberg. Kyrkja skulle heite Totland Kapell og fekk tildelt 8 gudstenester årleg. Desse skulle takast av kvoten til Rugsund sine gudstenester. At dette var ei kjenslelada sak er tydeleg, for då kyrkjetilsyna var samla til møte i mars i 1911, er fyljande nedskreve: ”Nu må broderligheten trenge gjennom. Så er det kanskje en mulighet for at når det nye Gudshuset står ferdig til innvielse, der da kunne feires fest med glede og god samvittighet. Så indvielsedagene kunne blive riktige Høytidsdage. Ja, enestående høytidsdage.”

For å få plass til kyrkja ved gravstaden på Totland måtte ein ha større tomt, og dette gjekk greit gjennom.
Det var to mann frå Stårheim som sette opp grunnmurane for ei godtgjersle på kr, 300,-. Arbeidsløna var på denne tid ca. 2 kroner dag og 12 timars arbeidsdag.
Dei fire trappeoppgangane støypte Didr. A. Rimstad.
Byggearbeidet var bortsett til entreprenørfirmaet O. Nørve i Ålesund, og byggmester var en Strømme frå Sykkylven.
Arkitekt A. Sølvberg vart sjuk under utarbeidinga av bygget, og då det vart gjort visse endringar byggemessig, så vart det Jens Sølvberg som fekk i oppdrag å fullføre dette.
Kapellet var planlagd utan korbygg, og dette vakte misnøye hjå folket. Det var semje om å ta eit ekstra løft, så det vart gått rundt med innsamlingslister, og det som korbygget kosta, kr. 1.500.-, kom snøgt inn i form av gåver.
Av bygningsmenn som deltok var det tre brør frå Dombestein, Ivar, Johan og Andreas, sløydlærar R. Bortne, Knut Solibakke samt eit par ungdomar, Reinhardt Hausle og Knut Åland. Sistnemde var med frå fyrst til slutt.
Kunstmålar Lars Kinsarvik sto for målararbeidet både innvendig og utvendig. Som medhjelparar var med to målarar frå Hornindal.
Altertavla er måla og gjeven til kyrkja av ei engelsk kunstnarinne, miss F. Howart. Ho heldt seg mykje i prestegarden på Davik. På ei lita tretavle på baksida av altertavla står det: Kopi etter Sir Johs. Reynolds. Motiv: Den hellige familie.
Kyrkjeklokka er levert av eit tysk firma i byen Bochem i Rindistrikt.
Lysekruna har 24 armar. Ein har ikkje opplysningar om kvar ho er komen frå.
Benkane i kyrkja vart laga i Volda. Frakta derfrå med båt til Åheim, så vart dei køyrde over Maurstadeidet på dugnad, av folk frå bygda. Tømmeret til kyrkjebygget kom med båt inn til Gamlebryggja og køyrd derfrå til byggeplassen.
Kyrkja er ei tømra langkyrkje bygd i gotisk stil, og ho vart bygd for ca. 17.000.- kroner.

Tysdag den 8. august 1912 var den store dagen komen med festgudsteneste og vigslehøgtid. Det var ein nydeleg sumardag med sol frå klar himmel, der tonar fra kyrkjeklokka kalla folk frå heile soknet til vigslehøgtid. Presteskapet kledde seg om i den nybygde heimen til Peder R. Totland, og dei gjekk i prosesjon til kyrkja, med biskop Erichen og prost Pryds fyrst i rekka.
Mange hadde venta på denne høgtidsdagen, så det var ein fullsett korgang med dåpsbarn på denne fyrste preikedagen.
Festmiddagen vart halden inne på Norane i heimen til Elstrand. Der var på denne tid tingstove i kjellaren, og to store stover i andre høgda og alle tre stovene var duka til fest.

Det fyrste orgelet som var plassert i kyrkja var eit stort husorgel. Pengane til dette var innsamla ved gåver. Offerviljen var stor, så då orgelet var kjøpt var det 500 kroner til gode som vart innsett på eit orgelfond. Dette orgelet sto i kyrkja til i 1959 då ein fekk nytt. Det var eit Vestre orgel, laga for mindre kyrkjebygg. Namnet var: Kapell-Spesial, og orgelet kosta ca. 10.000 kroner.
Soknerådet som tok over i 1994 vart samde om å realisere den store saka om nytt orgel. Gjennom mange år har det vore arbeidd med planane, og ein orgelkonto vaks smått om senn, med mellom anna inntekter frå julekonsertane. Skulle det bli ein realitet måtte det gjerast eit krafttak. Den 15. september same året vart det sett i gang ein stor innsamlingsaksjon i soknet. Alle husstandar vart vitja og til slutt ei utlodning. Kontoen vaks til kr. 260.000,-. Formannskapet bevilga, etter litt om og men, kr. 100.000,-.
Den 25. august 1996 var orgelet i bruk for fyrste gong, med stor fest. Det er levert av Steendam, eit Hollandsk firma. I forkant av denne høgtida var det på ny ein stor basar, for å vere sikker på at finansieringa heldt.

Bårehuset og toalett i tilknytning til kyrkja var bygd i 1971, og den hardt tiltrengde parkeringsplassen austfor kyrkja vart ferdig i 1986, etter at ein hadde fått kjøpt tilleggsareal til denne.
Av større påkostnader dei siste tretti åra kan nemnast: Varmekablar under benkane, dobling av vindauge og isolering av takhimling. Alt dette har gjort til at vi har fått ei meir brukarvenleg kyrkje, ikkje minst på kalde vinterdagar.

I 1953 vart Totland kapelldistrikt utskild frå Rugsund sokn, og Totland fekk sitt eige sokneråd. Etter kommuneinndelinga i 1963 der Davik kommune opphøyrde, vart det i samband med dette regulering av kyrkjesokna. Totland sokn vart frå 1. Juli 1967 overførd frå Davik til Vågsøy prestegjeld der Sør Vågsøy er hovedsoknet. I Vågsøy vart det samtidig oppretta kallskappelanstilling, og Totland fekk auka preikene på årsbasis frå ca. 15 til 25.

Denne teksten er henta frå ”Attersyn ved 80 årsjubileet for Totland kyrkje”, skrive av Ivar Svein Kassen og fra ”Totland kyrkje frå 1992 – 2002. 90 årsjubileum 18. August 2002”, skrive av Ingebjørg Tenden.

Altertavle © ukjent
Altertavle
ukjent
Altertavla frå 1912 framstiller Josef og Maria med Jesusbarnet, og Johannes Døyparen med kjenneteiknet sitt, stavkrossen. Jordanelva kan skimtast til venstre, fjella i bakgrunnen er truleg Libanon og Hermon. Ramma til tavla er skoren og rikt dekorert av Kinsarvik. På alteret står i alt fire lysestakar i messing.

Preikestolen © ukjent
Preikestolen
ukjent
Preikestolen frå 1912 er laga av kunstnaren Lars T. Kinsarvik, mannen som i vårt fylke er mest kjend for å ha dekorert Eid kyrkje
Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H
Trekningslista frå sanitetsbasaren 1.okt 2017
Bryggja Sanitetsforening

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass