Onsdag 22.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Forfattaren Matias Øyehaug


Endå er det nok mange i bygda vår som kjenner namnet Matias Øyehaug, og set det i forbindelse med lokale rim og regler.
Matias Øyehaug
Matias Øyehaug
Bildet er utlånt av Signy Aspevik, Lærdal. Ho er barnebarn til Matias.
Han vart fødd på garden Øyehaug i 1875, der vaks han opp og der levde han sitt altfor korte liv.
Allereide som ung gut byrja han å dikte og skrive vers. Han skreiv mykje i aviser og blad. Fyrst i Fjordabladet, som var einaste avisa i Nordfjord på den tid, og seinare i
"Unglyden", organet til Noregs ungdomslag. Der skreiv han mykje under psevdonymet " Gunnar Glennli ".

J. M. Steffensen skriv i Ung - Norig nr. 7 - 1921:
" At Matias Øyehaug hadde diktargåver og skreiv mykje i bladi, var det mange av sambygdingane hans som visste og skjøna. Men at det han skreiv var so verdifullt at vi må setja han millom våre fremste bygdediktarar her i Nordfjord - ja, det er det få som veit."
Ein del av dikta hans finst i folkemusikksamlinga ved fylkesarkivet i S. og Fj.

Utanom diktinga var han svært oppteken av ungdomslagsarbeid.
Han var ein av initiativtakarane til stiftinga av Maurstad Ungdomslag i 1896, og var laget sin fyrste formann.
Han fekk i gang og la ned mykje arbeid i det vi i dag vil kalle ei teatergruppe. Her fekk han bruk for sine diktarevner og ikkje minst for sin forteljarkunst.

Matias gifte seg med Anna Solibakke, og dei fekk tre born, men alt i 1907 døydde han, berre 32 år gamal. Seinare flytte familien til Høyanger i Sogn.

Kjelder: Ung - Norig nr. 7 - 1921 og Fylkesarkivet i S. og Fj. " Kjelda."

- Harald Maurstad -


Hardingfela: Dikt av Matias Øyehaug

No klunkar strengen, no leikar bogen,
det lær i heidi, det græt i skogen.
So lett det lullar som fugle-tilr.
det skvett og skvullar som bekkesilr.

Det sviv om tindarne, himelhaage,
det smyg i stovorne, myrke, laage.
Det syng isaman med tvifald røyst
i lekkjor lagt og i fridom løyst.

Som hav i dining om bergi donar.
det durar tungt gjenom djupe tonar.
Det spelar løynt med so rare ljom
fraa dulde heimar og dimme rom.

Atterljom ifraa farne tider
med blod og barding og harde strider.
Daa kniven blenkte i dysterlaup
og bloddropar paa strengen draup.

Dei ljose vonar i barmen brotnad,
den elskhug varm som i taaror sloknad,
no sviv imot oss paa lette veng
fraa hardingfela sin understreng.

Slaatten leikar og skifter læta
og tyngste trøyttleik og villast kjæta,
og hjarta kjenner sin eigen slaatt
i sorg og gleda, i graat og laatt.

Sæl er den som hev lært aa spela
so understrengen som klyng i fela,
kann vera tolk fyr den løynde traa,
som ikkje du fram i ord kan faa.

So mykje fagert me vil og vonar,
me legg det ned i dei feletonar,
daa lydt fraa strengen dei ljoma kann
ned gjenom ætti fraa mann til mann.
Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H
Trekningslista frå sanitetsbasaren 1.okt 2017
Bryggja Sanitetsforening

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass