Onsdag 22.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Vegen over Maurstadeidet


I samband med opprustinga og standardhevinga av Rv. 61 som nettopp er avslutta, kan det vere av interesse å sjå litt på vegen si historie.
Vegen over Maurstadeidet var faktisk fyrste køyrbare hovudvegen mellom Nordfjord og Søre Sunnmøre.
Det var nok i fyrste rekke hensynet til postgangen som kravde betre vegsamband, etter at den fyrste ordna posttenesta her i landet vart sett i verk i 1827.
Allereide i 1842 vart lina over Maurstadeidet lansert, men fleire alternativ var framme i diskusjonen, særleg veg gjenom Rimstaddalen til Berstad i Selje og vidare over Mannseidet, og veg over Stigedalen.
Då som no var distriktspolitikk og lokale interesser sterkt inne i bilete når det gjaldt linjeval. Argumentasjonen frå dei ulike områda og vurdering og kostnadsberekning av dei aktuelle traseane tok tid, og fyrst i 1859 vart det teke avgjerd om at vegen frå “Flåtøyhavn til Aahjems nøste” skulle byggjast.
Saka var oppe i Romsdals amtsting og Bergenhus amtsting. Begge tinga gjorde vedtak om å løyve 1/5 av kostnadsoverslaget kvar, mot at staten løyvde resten.
I 1860 vart det gjordt vedtak i regjering og storting om ei løyving på 33000 spesidaler til anlegget.
At dette alternativet vart valt hadde nok si årsak i at det var billegast å byggje, og at
“ begge vejlinienes endepunkte allerede nu andløbes av dampskibe i fast route”, og soleis ville bli av særleg verdi for sambandet mellom “ de Søndmørske og Nordfjordske distrikt.”
At Stadt då óg var med i vurderingane går fram av departementet si utgreiing som seier at det er naudsynt “med en tidsmessig veiforbindelse på grund af de noksom bekjendte vanskeligheder med passasjen udenom Stadt“, og at vegen ville ha sers
verde “ under fiskeriene, da den vil sette almugen i distriktene på begge sider av Stadt i stand til med fiskeredskaber og mindre baade at begive sig hen til det sted, hvor fiskeriet til enhver tid slaae rigest til, uandseet hvorledes veirforholdene ere omkring Stadt”.
Vegen var planlagd med ei breidd på 6 alen ,( ca. 4 m.) og maks. stigning 1 på 10.
Anleggsarbeidet starta i 1863 og vart fullført på fire år. 29 oktober 1866 var anlegget ferdigstilt. I alt var omlag 60 mann i arbeid, dei fleste frå Trøndelag og Gudbrandsdalen, man óg ein del frå distrikta på begge sider av fylkesgrensa.
Den gongen fanst ikkje gravemaskiner og boreriggar, heller ikkje dynamitt. Redskapen dei hadde var minebor og feisel, hakke, spade og trillebår. Sprengstoffet var sokalla skyteolje. Dette stoffet tålde korkje frost, sterk varme eller støyt, og var svært vanskeleg og farleg å arbeide med. At det ikkje hende ulukker i anleggstida vart kommentert slik av Amtsformandskabet: “ Det beroede mere på karlenes dyktighed end stoffets beskaffenhed “.
I fyrstninga leigde arbeidarane seg inn nede i bygda, men etter som anlegget bar til fjells vart det bygd brakker, ei ved elva litt sør for fylkesgrensa, ei ved Bekslevatnet og ei ovafor Jetmundleitet. Desse heitte nordre, midtre og søndre fjellstue, men gjekk etter kvart på folkemunne under namna Dunderhopp, Vinborg og Hurra. Brua øvst i Klenelida heiter den dag i dag Hurrabrua.
Det var langt til nærmaste handelsmann, og anleggsarbeidarane trong forsyningar.
Tilreisande handlande, eller “ kremarar”, etablerte seg i området. Ein av desse var
Isak Seim frå Voss. Han gifte seg med Helene Nojesdotter Brobakke og busette seg her i bygda. Helene dreiv bakeri og Isak bryggja øl. Dei leigde kjellaren på Navekvien der dei selde brødvarer og øl til vegarbeidarane.
Nordafor fylkesgrensa etablerte to andre seg. For å få lov å drive handel på veganlegget måtte dei svare ei årleg avgift på to spd. pr. arbeidar til fattigkassa i Vanylven.
Biskopen i Bergen stift meinte at anleggsarbeidarane trong meir enn lekamleg føde, og sende stiftskappelanen Andreas Høyer til Bryggja for å gje arbeidarane åndeleg påfyll. Frå Mai til ut August i 1865 hadde anlegget soleis sin eigen prest som hadde som særoppdrag: “ frå 1ste Juni og indtil vidare ved prediken og afvekslende bibellesning at betjene de på Maurstadeidet forsamlede veiarbeidere med Guds ord”.
I tillegg til møteverksemd prøvde han å få dei i tale på tomannshand, og fann at“ deres aandelige tilstand var i almindelighed meget sørgelig” og at av” udvortes laster var det svært ille med drukkenskab - En lørdag aften overraskede jeg ca. 20 af dem i et drikkelag hos en handelskarl på Bexle”.
Om arbeidet til Høyer gav frukter blant arbeidarane veit ein ikkje, men det braut ut vekking i bygdene på begge sider av Maurstadeidet.
Det var nok hesteskyss med langvogn eller skysskjerre som trafikkerte vegen i byrjinga. Etter kvart som bilen overtok melde behovet for utviding og fast dekke seg, men linjeføringa er uendra, og ein må berre beundre dyktigheita til dei som planla og dei som bygde vegen for 140 år sidan.

Skriftlege kjelder: Tidsskrift for Vanylven sogelag 1985.
Bygdebok for Vanylven, Åheim bygdesoge.
Kyrkjeblad for Vågsøy.


- Harald Maurstad -


Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H
Trekningslista frå sanitetsbasaren 1.okt 2017
Bryggja Sanitetsforening

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass