Søndag 23.september 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Nyhende

År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.

Av mail frå Solveig Midtbø den 16/6-18
«Grensejustering til Stad 2020 er et faktum og arbeid i fellesnemnda er godt i gang. I tillegg har vi fått godkjent Bryggja Skule AS, med oppstart frå august 2018. Bygda Bryggja har endra plassering i ei kommune frå å være ein utkant til å være eit midtpunkt. Dette gir oss eit godt utviklingsrom som vi i felleskap skal forvalte og utvikle på ein god måte. Potensialet for bygda er stort.

Etter omfattende arbeid så har Bryggja Skule AS fått konsesjon om tidlig oppstart fra august 2018. Vi vil takke alle som har gitt oss gode ord i prosessen og som også har støtta skulen økonomisk. – Dette har vore svært viktig for å kunne lykkast. Det er mange som har arbeid godt for å få gode rammevilkår for skulen vår, styret for skulen takkar for dette arbeidet.
Bygda Bryggja har i stor grad vert samla om å få etablert Bryggja Skule AS. Tidsvinduet vi arbeide etter vart knapt, og når svaret kom fredag den 15.06.18 kl. 13:55 så starta ei ny tidsepoke. Personlig så var min fyrste tanke at det var som å komme i mål etter et maratonløp, prosessen fram til målet var trening – og det er ufattelig godt at borna i bygda no kan få gå på ein nærskule med det mulighetsrommet det skapar. Det vil bli mykje arbeid – men dette vil også være grunnlaget for auka bulyst for familie og unge. Bygda ligger vakkert, sentralt, plassert i Nordfjord, med korte avstandar til fleire tettstadar.
I går kveld (15.06.) arbeidde vi med søknad til driftsstøtte, fristen her var også den 15.06., men vi var avhengig av konsesjonssvaret, for å kunne sende søknad – Imidlertid etter god innsats gjennom få timar så er søknaden, om driftsstøtte med vedlegg, oversendt til Utdanningsdirektoratet, innan frist 15.06.18.

For borna i bygda så er dette viktig: at dei no kan vite at Bryggja eiger sin eigen skule, noko som betyr at diskusjonar om nedlegging og flytting av elevar inntil vidare ikkje er ei problemstilling. Styret for Bryggja Skule AS vil arbeide for å skape ein framtidsretta skule i nært samarbeid med føresette, lærare og aksjonærar. Styret har framforhandla ei akseptabel husleigeavtale med Vågsøy kommune. Avtalen inneheld også rettningslinjer om at vi kan få gjere litt fornying på skulen vår, dvs. etter den 01.07. Vi ser for oss at dette må vi gjere på dugnad.

Fleire lærare har takka ja til stilling ved skulen, dette til tross for at vi ikkje kunne stadfeste noko, før etter at skulen fikk konsesesjon. Takk til dei lærarene som har teke den utfordringa dette har medført. Vi er fortsatt i prosess med tilsetting av personal, men dei fleste er på plass. Planen vår var at dette arbeidet vart klart før 01. mai, men her mottok vi nye fristar som vi måtte forholde oss til, viser til orientering på folkemøtet.

Fylkesmannen var effektiv med søknaden kring skulebygningane og vi har på plass formell godkjenning både på bygningsmassa og på lokala som skulen nyttar i Grendahuset, ellers er alle nødvendige og forutsatte godkjenningar på plass.

Har du innspel, spørsmål, eller vil stille på dugnad for skulen så send Sverre eller Solveig ein mail sverre.solibakke@beksle.no, solveig.midtbo@live.no.

Vi ynskjer alle ein god sommar til alle og igjen takk for all støtte.

For Bryggja Skule AS
Sverre Solibakke og Solveig Midtbø»

(Sist oppdatert 17.juni 2018, 20:53)

Gå til nyhendearkiv

Status pr. 6.september, Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Invitasjon til å teikne aksjar i Nordfjordbrua AS.
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
Har de leikar, ting til skulekjøkkenet o.l. så tek Bryggja Skule imot
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Søknadskjema for elevopptak i Bryggja skule AS, og skjema for samtykkje
Referat frå Bryggja utviklingslag sine møter

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
7. sep - 29. nov
Her ligg haustplanen for Fjordly Ungdomssenter
26. sep
Oppisiell opning av Bryggja Skule AS
30. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
13. okt
Vestavind arrangerer "Oktoberfest" i Bryggja Grendahus
Vestavind
21. okt
HAUSTFEST FOR HEI OG HÅ 4 H, dørene opner kl 15.00
Hei og Hå 4H
27. okt
Salsmesse i Bryggja Grendahus
Bryggja Bygdatun
17. nov
Julebord
Bryggja Bygdatun
28. des
Romjulsdans med revy 28 desember
Bryggja Bygdatun