Tysdag 23.oktober 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Nyhende

Invitasjon til å teikne aksjar i Nordfjordbrua AS.

Av mail frå Arild Hjelmeland
Nordfjordbrua har gjennom vedteken interkommunal kommunedelplan og trafikk- og finansieringsanalyse utarbeidd eit godt grunnlag for vidare planlegging av fergeavløysingsprosjektet Anda-Lote.
I møte med leiinga i Statens Vegvesen region Vest har vi fått gode tilbakemeldingar på arbeidet som er gjort, og gode råd om arbeidet vidare med prosjektet.
Komande veke skal vi ha møte med politisk leiing i Samferdselsdepartementet, og primo september skal vi ha møte med Kystverket for avklaringar for det vidare arbeidet.
Selskapet gjorde i ordinær generalforsamling 29. juni 2018 vedtak om å gjennomføre ei aksjekapitalforhøying ( emisjon) i selskapet med inntil kr 5 mill. Aksjekapitalforhøyinga skal nyttast til å utarbeide eit forprosjekt som kan gje grunnlag for val av konsept og vidare detaljplanlegging . Arbeidet og kostnadane med dette er omfattande, men heilt nødvendig for å kunne kome vidare i arbeidet med fergefri kryssing av Nordfjorden Anda-Lote. Aksjekapitalforhøyinga vil også kunne bidra til å utløyse finansiering frå andre kjelder.
Prosjektet er no inne i ein avgjerande fase for å kunne bli realisert. Det er difor viktig at det blir sett inn nok ressursar for å utarbeide eit godt forprosjekt.
Frå fleire hald blir det peika på at Anda-Lote er eit svært godt fergeavløysingsprosjekt som ved realisering vil gje store lokale og regionale samfunnseffektar.
Vi håper dokke vil bidra og teikne aksjar i selskapet.
Dersom det er ønskjeleg vil vi gjerne møte for å orientere nærare om arbeidet som er gjort og planane for arbeidet vidare.

Med vennleg helsing
Nordfjordbrua AS

Alfred Bjørlo Jan Olav Tryggestad
Styreleiar Dagleg leiar

(Sist oppdatert 24.august 2018, 12:28)

Gå til nyhendearkiv

Trekningslista frå sanitetsbasaren 30.sept
Bryggja Sanitetsforening
Status pr. 20.oktober. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Invitasjon til å teikne aksjar i Nordfjordbrua AS.
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
Har de leikar, ting til skulekjøkkenet o.l. så tek Bryggja Skule imot
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Søknadskjema for elevopptak i Bryggja skule AS, og skjema for samtykkje

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
7. sep - 29. nov
Her ligg haustplanen for Fjordly Ungdomssenter
25. okt
Ope folkemøte stadsutvikling Bryggja i Stad kommune
27. - 28. okt
Salsmesse i Bryggja Grendahus
Bryggja Bygdatun
4. nov
YNB held Høstkonsert i Grendahuset. Gjestekor: Drops
Ytre Nordfjord Brass
17. nov
Julebord
Bryggja Bygdatun
28. des
Romjulsdans med revy 28 desember
Bryggja Bygdatun