Kurset varte i fem dagar, og leiar var Eli Møller.
Ho har i fleire år halde eit kurs årleg på Holmely,og alltid formidlar ho kunsten på ein inspirerande og lettfatteleg måte, - leikande og prestasjonsfritt.
Undervisninga var individuell, så nybegynnarar kjende seg like mykje heime i miljøet som vidarekomne.
![]()
Deltakarane kom også denne gongen frå fleire kantar av landet : Oslo, Hedalen , Førde,
Veitastrond, Ulsteinvik og Bryggja.
Samtidig med kurset kom våren og varmen, så ein kunne opphalde seg ute og fange inn dei mange vakre motiva i området.
Rigmor Navekvien.
Holmely si web-side