Torsdag 13.desember 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Nyhende

Opningsfest av vegstraseen på Nave

den 7.september 2006

Av Rigmor Navekvien
I dag var det ei enkel markering av ferdigstilling av vegtraseen på Nave. I det høve arrangerte oppsittarane på Nave ei kosestund i redskapshuset på "Kviene", Nave der 23 personar var samla. Gjestane var representantar frå Norsand, Kolo-Veidekke, Statens Vegvesen, Fjordenes Tidende, Fjordabladet og Synste-Møre.
Her var matservering og god stemning.

.
Sangen "Vegfest på Nave"
Tone : Tyrolleri - tyrollera .

På Nave vi styrer og steller til fest, tyrolleri - tyrollera.
og ønskjer velkomen kvar einaste gjest.Tyrolleri - hurra!
For vegen er ferdig, - og flunkande ny
med asfalt og striper så det er ein fryd. Tyrolleri - tyrollera - tyrolleri -hurra!

Og de som har jobba i fjor og i år - tyrolleri o.s.v.
skal vete at takksame tankar de får. Tyrolleri o.s.v.
For Hovland og Stokkenes med arbeidsgjeng
har gjort mangt eit inngrep i ulendt terreng.Tyrolleri o.s.v.

Og borte på Rabben der låg det ein sving, - tyrolleri o.s.v.
der høyrde vi ofte eit “krasj” og eit “pling”Tyrolleri o.s.v.
For der hamna bilar med hjula til vers,
samt folk og bagasje på kryss og på tvers. Tyrolleri o.s.v.

Dei slapp nok med skrekken - og kanskje ei bot, tyrolleri o.s.v.
og vi plukka flasker og diverse skrot. Tyrolleri o.s.v.
Men nå høyrer svingane fortida til,
og alle kan køyre så fort som dei vil. Tyrolleri o.s.v

Det har saktens vore litt skyting og bråk ,tyrolleri o.s.v.
men vi vil nok sakne maskindur og ståk.Tyrolleri o.s.v.
Vi manglar ein ordførar som klipper snor,
men gjev dykk ein takk i vårt lystige kor. Tyrolleri o.s.v.


Rigmor.

(Sist oppdatert 07.september 2006, 21:48)

Gå til nyhendearkiv

SKAL BRYGGJA VERE EIGE SOKN??
Stor takk
Bryggja Bygdatun
Siste frist for påmelding til julebord i grendahuset
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Status pr. 26.oktober. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
Har de leikar, ting til skulekjøkkenet o.l. så tek Bryggja Skule imot

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
28. des
Romjulsdans med revy 28 desember
Bryggja Bygdatun