Vågsøy Kulturskule satser også i år på å kome i god julestemning. I fjor hadde teikne/måle/formgruppene ved kulturskulen eit stort prosjekt med å bake pepperkakehus, som elevane sjølve hadde konstruert og laga modellar til. Det vart kjempesuksess, men eit veldig arbeidskrevjande prosjekt.
I år satser vi også på pepperkakebakinga, no med sjølvteikna figurar. Lærar Gerd Endestad flytter undervisninga denne veka til Kunsthuset i Rimstaddalen, der dei 29 elevane skal bake og pynte figurane- og lage til utstilling. Alle er velkommen til å sjå utstillinga vår: Søndag 7.desember 15.00-16.30 i Kunsthuset til Gerd i Rimstaddalen.
to bilder frå sist års-bakinga