Onsdag 13.desember 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Nyhende

Bygdeutvikling framover!

Til bryggjaværingar og andre interessentar!

Av leiar A.Husevåg

Bryggja Utviklingslag (BU) meiner at Bryggja er mellom dei mest attraktive buplassane i regionen, og ønskjer med dette som grunnlag å fremje ei positiv utvikling på staden.
Bygda ligg sentralt mellom fleire regionale sentra, har flott natur med god tilgang til sjø, skog og fjell, og kan by på mange positive kulturaktivitetar.
Det har vore ei viss tilflytting til bygda dei seinare åra, og det er etterspurnad etter både leigebustader, brukte bustader og tomter for nybygging på Bryggja. Bygdeutviklingslaget og andre engasjerte meiner at bygda og kommunen difor har mykje å vinne på å legge til rette for ei positiv utvikling også i åra som kjem.
Frå sentrale styresmakter vert det sett stadig strengare krav til utnytting av private og offentlege eigedomar, særlege i nærleiken av sjøen, og dispensasjonar frå vedtekne kommunale planar er det no lite rom for.
Det er no nødvendig med heilskapleg kommunal planlegging av arealbruk, om ein skal kunne utvikle og bygge på eigen grunn. Ein god kommunedelplan gjev difor store fortrinn til å disponere eigen grunn, utan omfattande søkjeprosessar når grunneigar ynskjer å nytte eigedomane sine.
Kommuneplanen skal no reviderast, og ein god kommuneplan for Bryggja, som mellom anna har ei lang og svært attraktiv strandsone, opnar store mogelegheiter for ei positiv utvikling av staden!

Utfordringane bygda møter i dag er mellom anna:
• Få ledige etablerarbustadar
• Lite byggeklare tomter
• Lite utbod av bustadeigedomar
• Utdatert kommunedelplan
• Sentrale direktiv gjev ikkje høve til å dispensere frå vedteken plan
• Tidkrevjande prosess om kommunen åleine skal lage ny kommunedelplan
• Lite byggeklart industri- og næringsareal

Då ein ny kommuneplan vil måtte kome, er det etter Bygdeutviklingslaget sitt syn difor ønskjeleg for både innbyggjarar, grunneigarar og kommunen at ein tek eit lokalt initiativ til korleis kommunedelplanen for Bryggja skal framstå, og dermed å påverke korleis bygda vår skal kunne utvikle seg.

I fyrste omgang innbyr med dette Bygdeutviklingslaget no ein idédugnad i Bygdatun onsdag 06. april 2011 klokka 18.00

Vi oppfordrar no alle innbyggjarar og andre interessentar til å tenkja gjennom kva ein meiner nærområdet bør kunne brukast til i framtida. Idear kan leggjast fram på idédugnaden, eller kan sendast inn på e-post (bryggja20xx@bryggja.com) eller vanleg post Bygdeutviklingslaget (6711 Bryggja).

Idear som er innkomne innan 04. april 2011 vil vi forsøke å setje på eit plankart til diskusjon på idédugnaden, der vi startar med å jobbe mot et heilskapleg framlegg til ny kommunedelplan for Bryggja.

Eksisterande plan er utlagd på http://www.bryggja.no og på kommunen sine heimesider.

Med venleg helsing
Bygdeutviklingslaget

(Sist oppdatert 21.mars 2011, 09:02)

Gå til nyhendearkiv

Midtpunkttreff i grendahuset med Pub, Mini-Quiz og Dans i Grendahuset den 29.desember, plakat
Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun
Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. des
Midtpunkttreff frå kl 19.00 i grendahuset med Pub, Mini-Quiz og Dans