Tysdag 21.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Nyhende

Om prisane på Fjordly

Av Marte-Iren Lade, dagleg leiar
Fjordly har gjort fleire endringar i prislista i forhold til tidlegare.
I fjor, 2015, gjorde vi endringar i prislista i forhold til tidlegare. Vi kutta kuvertprisen på ein del av matprisane våre, og la på romleige for festar og dagsarrangement. Vi tenkte at då kunne folk velje kor mange og kor store rom dei ville bruke, og betale i forhold til det. Det blei sjølvsagt rimelegare å bruke ein sal i forhold til å disponere heile huset. Vi tenkte at dette var ei rettferdig og god ordning. I tillegg la vi på pris for utvask, og let folk få sjansen til å vaske sjølve.

For mange gjorde ikkje desse prisendringane noko særleg forskjell. Eit selskap med mange gjestar «tente inn att» romleiga på rimelegare kuvertpris. For mindre lag som bestilte enkel og rimeleg servering, kom derimot romleiga på toppen som eit svært fordyrande element. Fleire av dykk har gitt uttrykk for at de synest det blei for dyrt. Takk for at de har gitt ærlege tilbakemeldingar.

Vi vil beklage at prisane i 2015 var dyre og urettferdige for mindre grupper som bestilte enkel servering!

Vi vil informere om at vi har endra prisane igjen. No er romleiga tatt vekk, viss ein bestiller mat. Pris for vask er med fortsatt. Ein kan velje å vaske sjølve, og betaler då ikkje for dette. Vi har auka kuvertprisane igjen, men ikkje heilt opp til 2012-nivå, sidan vi tar betalt for vask. Sjå vedlagt prisliste for 2016. Sjå gjerne òg heimesida vår: fjordly.no. Minstepris på selskap på kr. 9000,- gjeld ikkje for arrangement med enklare servering, der maten blir sett fram på førehand og ein styrer seg sjølv. Det må likevel vere bestilt mat til minst ti personar.

Nokre døme på prisar:

Konfirmasjon/dåp og andre selskap, 2012: 380 kr.
Bryllup, 2012: 480 kr.
Kaffi med påsmurte rundstykker, 3 halve, 2012: 100 kr.

Konfirmasjon/dåp og andre selskap i 2015: 350 kr.
Bryllup, 2015: 450 kr.
Kaffi med påsmurte rundstykker, 3 halve, 2015: 100 kr.

Konfirmasjon/dåp og andre selskap i 2016: 370 kr.
Bryllup, 2016: 470 kr.
Kaffi med påsmurte rundstykker, 3 halve, 2016: 100 kr.

Vi håpar de vil bruke Fjordly ungdomssenter. Vi vil gjerne vere eit positivt innslag i bygda for både lag, foreiningar og enkeltpersonar.

Venleg helsing

Marte-Iren Lade, dagleg leiar

(Sist oppdatert 30.mars 2016, 15:30)

Gå til nyhendearkiv

Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H
Trekningslista frå sanitetsbasaren 1.okt 2017
Bryggja Sanitetsforening

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass