Torsdag 23.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Nyhende

Nytt Kunsthus til Gerd Endestad

i Rimstaddalen på Bryggja

Etter fullført utdanning på Kunsthøgskulen i Oslo og Bergen flytta Gerd Endestad i 1995 tilbake til heimbygda, Rimstaddalen (Bryggja) i Nordfjord, Sogn og Fjordane.
I løpet av desse 12 åra har ho jobba med opparbeiding av bedrifta innafor kunst,og har hatt utstillingar i heile landet og i utlandet. Ho har jobb som 50% stilling som lærar i kulturskulen.

Etter to år med stor eigeninnsats stod Kunsthuset ferdig i 2007.
Huset inneheld to store og gode atelier til eige arbeid. Her har ho fått store og høge veggflater som gir gode arbeidsforhold ved større prosjekt og utsmykkingsoppdrag. I forbindelse med ferdigstillinga av Kunsthuset har ho utvida bedrifta til å omfatte kursverksemd/galleri. Kunsthuset rommar i tillegg til atelier lyse og gode arbeidslokale spesielt godt egna til kursverksemd. I Kunsthuset har ho også serveringmogelegheiter frå godkjent kjøkken, og eiga avdeling med relevant litteratur.

Ho har nettopp fått heimesida opp å gå, det er: http://www.endestad.no Link til heimesida

Tilbyr neste kurs i juni(sjå under kurs på web-side). Offisiell opning av Kunsthuset 11-12 aug. 2007.













(Sist oppdatert 19.mai 2007, 17:15)

Gå til nyhendearkiv

Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun
Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass