Laurdag 25.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Nyhende

Offisiell opning av kunsthus i Rimstaddalen

24.-26. august 2007

Av Gerd Endestad
Fredag 24. august – Offisiell opning
14.30 Snorklypping, opning v/Morten Johan Svendsen direktør for Sogn og Fjordane Kunstmuseum

14.45 Taler

15.00 Lett servering

16.30 Slutt

Laurdag 25. august: 12.00 – 17.00 Utstilling og sal av kaffi og kaker

Søndag 26. august: 13.00 – 18.00 Utstilling og sal av kaffi og kaker

For meir info, sjå nettside www.endestad.no eller ta kontakt.
Ta av frå R15 (Eid-Måløy), merka med lite skilt til Rimstad. Følg merking.

Helsing Gerd Endestad
Gerd Endestad,Rimstaddalen, 6711 BRYGGJA
57 85 32 19
gerdend@online.no
www.endestad.no




Pressemelding:
I helga 24-26.august inviterer Gerd Endestad på offisiell opning av det nybygde Kunsthuset sitt.

Gerd Endestad er utdanna og akivt utøvande biletkunstnar. Etter fullførd utdanning på Kunsthøgskulen i Oslo og Bergen flytta ho i 1995 tilbake til heimbygda si, Rimstaddalen ved Bryggja i Nordfjord.

Kunstdebuten kom i 1999 med seperatutstillinga” Virre, virre, vapp” på Sogn og Fjordane Kuntnarsenter. Her presenterte ho m.a eit stort installasjonsarbeid, der utklipp frå lokalavisene med fødsel-, bryllaup- og dødsannonsar var det konkrete innhaldet. Ho har seinare delteke jamnleg på utstillingar, m.a Vestlandsutstillinga i 2004. I 2005 var Gerd ein av 3 kunstnarar frå fylket som deltok på ”New Horizons- Contemporary art from the west of Norway”, på Isle of Man. Her var det nokre av dei store svart/kvitt fotoa av sauer som vart presentert. Sauene var hennar eigne, og ho hadde portrettert dei, om lag slik ein portretterar folk. Men som Gerd fortel: ”Sauer er ærlege i utrykket; dei poserar ikkje”
Nyleg vart eit av dei siste fotoarbeida hennar innkjøpt til samlinga ved Sogn og Fjordane Museum.

Gerd har også hatt fleire utsmykkingsoppdrag. Ho leverte i 2004-05 fleire arbeid basert på tremateriale til utsmykkinga av Indre Sogn Psykiatrisenter.
No arbeider Gerd også som kunstnerisk konsulent ved utsmykkinga av Trivselhagen, den nye kultur/undervisningsbygget som er under oppføring på Sandane.

Ved kulturskulen i Vågsøy har Gerd undervist i teikning/maling/form sidan i 1999 (50%stilling). Ho har også hatt oppdrag for den Kulturelle Skolesekken i fylket, og undervist litt på formgjevingsfag på vidaregåande.


Kunsthuset i Rimstaddalen
I 2004 fekk Gerd etablererstipend for kunstnarar i frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dette utløyste gnisten i ho til å våge starte opp med bygginga av Kunsthuset. Deretter fekk ho Innovasjon Norge med på prosjektet, konkret gjennom bedriftsutviklingstipend og investeringstøtte. Vågsøy kommune har støtta ho ved fleire tidlegare høve, også no i avsluttande fase på bygget, med støtte frå næringsfondet.
Etter fleire års hard jobbing står Kunsthuset til Gerd no klart. Stor eigeninnsats har ho lagt ned i det praktiske bygget, som også inneheld kurslokaler med kjøkken. Her vil Gerd no tilby kurs for dei som ønskjer å kjenne meir på kreativiteten sin og lære om teknikkar i teikning, maling og foto.
Og endeleg er dei gode arbeidslokala på plass til hennar eigen kunstproduksjon. Store og lyse rom, med høge veggar, innbyr til å jobbe med større prosjekt. Ja, no kriblar i meg etter å få jobbe med kunsten ” seier ho.

Opningsfest.
Men først vil Gerd dele gleda si med fleire ved å innby til opningsfest i Rimstaddalen 24-26.aug. Fredag 24.aug er det offisiell opning og Morten Johan Svendsen, direktør ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum, vil stå for snorklipping og tale.
Kulturavdelinga ved fylket vil vere representert, og Vågsøy kommune. Handverkarar og gode hjelparar er spesielt inviterte, men huset og festen denne helga er også ope for alle som er interesserte.

Utstilling.
Kunsthuset vert denne opningshelga fylt med ei utstilling av Gerd sine eigne arbeid frå dei siste åra. Ho viser fotoarbeid, arbeid i tremateriale, og utdrag frå installasjonar. Seinare vil Kunsthuset ha ope galleri nokre gonger i året, då med inviterte kunstnarar i tillegg til hennar eigne arbeid.


Gerd Endestad ønskjer hjerteleg velkommen til offisiell opning av Kunsthuset 24-26 august. Her kan du eit innblikk i optimisme, pågangsmot og stor kjærlighet til kunst. Og kunsten er til sals!
Ps. Kaffi og kaker er sjølvsagt å få kjøpt og.

Ta turen til Kunsthuset i Rimstaddalen og opplev noke heilt nytt!

(Sist oppdatert 14.august 2007, 10:04)

Gå til nyhendearkiv

Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun
Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass