Torsdag 26.april 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Nyhende

Meir bilder frå Nissefesten i Rimstaddalen

hos Anne Lise og Jonas

Av Arvid Verpeide
For tredje året på rad arrangerte Anne Lise og Jonas Rimstad det populære Nissen på låven, på garden sin i Rimstaddalen. Og i klart vintervær med litt snø på bøane og ein julepynta gard,visste både unge og vaksne å setje pris på dette flotte tiltaket.Det yra av både store og små nissar rundt om på garden og storenissen sjølv var i riktig godlune og delte ut både kakemenn og mandarinaer. På snikkarverkstaden var det full aktivitet med produksjon av juledekorasjonar til kyndig veiledning av juledekorasjonsjefen Bjørg. Og det var imponerande kor mange flotte dekorasjonar som vart produserte. Inne i fjøsen kunne ein stifte nærare bekjentskap med alle dyra ,noko som og var veldig populært. Det var også stor aktivitet med hopping i høystålet, ein aktivitet som nok dei aller fleste ikkje opplever som daglidags no for tida.Oppe på låven var det dekka langbord der det vart servert julegraut av ypperste slag, og folk storkosa seg til flott musikk av trekkspelnissen som og hadde teke turen opp i Rimstaddalen denne kvelden.. Til slutt vart det heile avrunda med gang rundt juletreet til musikk av Bryggja Skulekorps,som har all grunn til å være stolte av sine musikkferdigheter. Og heilt til slutt ønskte vertskapet oss alle ei god jul,og jammen ønskte dei velkommen tilbake neste år og..... Stor takk og ære til dei som tek seg tid til å stelle istand eit slikt kulturtiltak i ei ellers travel førjulstid !









































(Sist oppdatert 11.desember 2009, 09:26)

Gå til nyhendearkiv

Søknadskjema for elevopptak i Bryggja skule AS, og skjema for samtykkje
Referat frå Bryggja utviklingslag sine møter
Teikningsblankett emisjon Bryggja Skule AS, og les fylgjeskrivet
Trekningsliste , frå Vestavind 's SYNG MED OSS 18.mars 2018
Vestavind
Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
5. feb - 1. jun
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
28. apr
DUGNAD INNE OG UTE PÅ GRENDAHUSET
Bryggja Bygdatun