Tysdag 25.februar 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Småbrukarlaget

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Bonde- og Småbrukarlaget vart starta opp att i mai 1985, etter at det tidligare Bryggja Småbrukarlag, med Samson Hamre som pådrivar, hadde vore kvilande i eindel år.
Åtte eldsjeler møtte fram i gamle Rimstad Skule, og med hjelp frå Per Askeland og Hans Støyva frå Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag kom laget i gang.
Namnet vart Vågsøy Bonde- og Småbrukarlag, då det var meininga at alle i kommunen skulle få eit tilbod.
Første leiar vart Jan Kåre Garshol, og med seg hadde han Lise Sløk Tvedt, Gert Meyer, Harald Ole Brobakke , Marit Gjerde, Oddmund Leivdal, Jetmund Nyvang og Lars Rimstad.
Av desse åtte som starta laget er det no berre ein som framleis er medlem, og berre to som framleis driv jordbruk.

I 1999 vart laget samanslått med Selje og endra namnet til Selje og Vågsøy Bonde- og Småbrukarlag.
Laget har i dag ca 25 medlemer, dei fleste aktive innan forskjellige produksjonar i jordbruket.
Styret siste året har hatt Gerd Anne Endestad som leiar, John-Ole Tonheim, nestleiar, Per Røyset, kasserar, Jetmund Nyvang, skrivar og Kjellfrid Rundshaug, studieleiar.Sau med lam
Aktiviteten i laget er god, og samarbeidet og dugnads- ånda på tvers av kommune- grensene fungerar godt.

I haust har laget organisert kurs i miljøplanlegging med 12 deltakarar, tidlegare har alt i frå fagleg oppdatering til lefse- og flatbrødbaking aktivisert medlemane.

Gjennom medlemsskap i det lokale bonde- og småbrukarlaget har den enkelte medlemsskap i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, og dermed ivrige og engasjerte talspersonar som talar di sak overfor det politiske miljøet.
Logg deg inn på www. smabrukarlaget.no for å sjekke kva som skjer der.

Selje og Vågsøy Bonde- og Småbrukarlag organiserer personar som er aktive i jordbruksmiljøet, eller passive med engasjement for lokalmiljøet, eller med aktivitetar som gjerne har utspring frå garden.

Det er viktig at nettopp du, som har tenkt å vere her i distriktet ei stund, er med som aktiv eller passiv i laget vårt, og dermed støtte opp om det arbeidet som blir gjort for å bevare aktive bygdesamfunn der du og eg bur.

Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
1. feb - 31. jul
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
1. mar
Årsmøte i skyttarlaget, frist for saker seinast 26.feb
Bryggja Skyttarlag
4. mar
innkalling til 17-mai komitèen for 2020, vedlagt liste
26. mar
Årsmøte i Bryggja Utviklingslag, frist saker 5.mars
29. mar
KOR-KAFE i Bryggja Kulturhus
Vestavind
19. apr
Ettermiddag konsert med YNB og gjestekorps Gursken Brass
Ytre Nordfjord Brass
17. mai
Årets 17-mai komitè
4. okt
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening