Fredag 24.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Kvinne- og familielag

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Maurstad husmorlag © ukjent
Maurstad husmorlag
ukjent
Bildet viser medlemer av det første styret: Framme: Marta Hamre
Bak frå venstre: Borghild Maurstad, Signe Brobakke og Helga Nore.

( Tidlegare Maurstad Husmorlag)
Laget vart starta 24. Februar 1953.

Ein tanke om å arbeide for bygda og dei nære ting hadde slått rot mellom fleire kvinner, og planane om å stifte eit husmorlag vart omsider ein realitet.

Jenny Osnes frå Nordfjordeid sto for stiftinga av laget, og Marta Hamre vart vald som første lagleiar.

Norges Husmorforbund var alt då ein av landets største kvinneorganisasjonar, ein yrkesorganisasjon som ville samle norske husmødre til arbeid for heim og familie, etisk, sosialt, kulturelt og økonomisk. Forbundet er tilslutta A.C.W.W..

Maurstad Husmorlag har vore svært aktivt, og har sett spor etter seg på mange område, Jubileumsfestar, kulturelle og økonomiske tiltak passerar revy, mannekengframsyningar, demonstrasjonar, hausttakkefestar, tiltak for eldre, arbeidstove for born m.m.
I samarbeid med Ungdomslaget var vi med og stifta Bryggja Pensjonistlag,

Av og til har vi nok følt slektskapet med ”Kjerringa mot straumen”; ho gav seg heller ikkje så lett når ho hadde bestemt seg for noko. – Då vi fekk sett opp veglys på strekninga skulen – ungdomshuset, for å få tryggare skuleveg til borna, fekk vi bruk for denne evna. Vi vann i kampen mot byråkratiet – og kryssa av i protokollen.

Helsekontroll av kvinner viste seg å vere nødvendig. I samarbeid med distriktslegen sette laget i gang slike tiltak 3 gonger i løpet av en 10-års periode.
Då laget arva en stor pengesum etter Laura Vinsrygg, vart mesteparten av den brukt til andeler i Bryggja Grendahus. Elles har mange tiltak i lokalmiljøet fått økonomisk stønad/gåver gjennom åra.
Kurs og studiearbeid har hatt høg prioritet, likeeins krins- og forbundssaker. Sakene kan samlast i eit omgrep: ”Familiepolitikk”, alltid med tanke på morgondagen`s samfunn. Og heile tida står kvinna sine kår i fokus.

Medlemstalet var i mange år stabilt: 20 – 30 medlemer.
Laget hadde og i lange periodar representantar i krinsstyret.

Etter at namneendringa kom, både på lands- og lagsplan, heiter laget nå ”Bryggja Kvinne- og Familielag”.

Men tidene endrar seg, og lagsarbeid er ikkje lenger så aktuelt som før, sjølv om en prøver finne nye vegar å gå. Den siste 10-års perioden har aktiviteten minka, likeeins medlemstalet.

Laget har nå eit interimstyre, som tek seg av dei nødvendige sakene, og prøver halde liv i ulmande glør.

Den 4. februar 2004 samla interimstyret seg og gjorde vedtak om å legge ned laget.

- Rigmor Navekvien -
Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun
Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass