Laurdag 5.desember 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja skule - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Skuleavslutning i fjæra på Campingplassen

Av Kathrine Høgelid Aarvik

Tysdag 15.juni hadde vi skuleavslutning i fjæra ved Campingplassen på Bryggja.

Tysdag 15. juni hadde vi den offisielle skuleavslutninga i fjæra ved Campingplassen på Bryggja. På grunn av den farlege branntomta på Søholmen, vart det i år ikkje tradisjonell skuleavslutning der. Men tross i dette hadde vi ei kjempeflott avslutning med flott ver og god stemning, og det vart ei flott avrunding på skuleåret 2009-2010.

Vi starta med litt allsang, før det vart tid for grilling. Barna kosa seg på området med både fotball, leik i fjæra og bading.
Så vart det litt meir allsang, før den tradisjonelle naturstien vart sett i gang. Deretter var det tid for den årlege fotballduellen mellom 7.klassingane og foreldra, der 7.klasse vann 3-1. Kvelden vart avrunda med å ta avskjed med 7.klasse.

Alt i alt ein flott kveld, der både store og små kosa seg.


Skulen vil takke Kåre Arne Nore for at vi fekk ha skuleavslutninga vår her i år, og til FAU som laga klar til grilling.

God Sommar!

Skuleavslutning 1 © Kathrine Høgelid Aarvik

Skuleavslutning 2 © Kathrine Høgelid Aarvik

Skuleavslutning 3 © Kathrine Høgelid Aarvik

Gå til nyhendearkiv

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))
Bilder frå 17-mai toget på Bryggja, og om morgonen
Har vi nokre nye nyheiter til Bryggja sida her ?
Status Sandvolleyballbana på Søholmen