Måndag 23.juli 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Sanitetsforening - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Skulelunsj for Bryggja Skule 16.06 -11

Av M.Sørhaug

Skulelunsjen for elevar og tilsette ved Bryggja skule er vorte ein fin tradisjon, også kombinert med ei hyggeleg avsluttning av skuleåret, der alle ser fram mot sommar og ferie !
Bryggja sanitetsforrening ser også fram til ei fin stund i grendahuset, der skuleborna kan samlast om eit godt måltid midt på dagen. Elevane oppfører seg så fint at dei er eit godt føredøme for skulen sin.
Saman med lærarane / personalet er det ein harmonisk gjeng som samlar seg til lunsj i grendahuset.
Sanitetsdamene serverar heimelaga grove rundstykker med godt pålegg, supplert med grønnsaker og frukt.
Kakkao-sjokolade, saft, og kaffi for dei vaksne til drikke. Dette skal vere god og sunn mat meinar sanitetsdamene .
Denne dagen vart også ei ekstra fin markering ved skulen, då nærmiljøanlegget / ballbingen vart opna seinare på dagen. Saniteten med sitt motto som seier " Omsorg i nærmiljøet " var glad for vere med på dette. Skulen er eit sentrum i bygdemiljøa og skapar gode lokale oppvekstmiljø. Lukke til vidare !
BRYGGJA SANITETSFORRENING.

Skulelunsj, bordet dekka med god sunn brødmat og pålegg
Skulelunsj, bordet dekka med god sunn brødmat og pålegg


Skulelunsj, bordet er dekket


Skulelunsj, elevane og lærarar er kome på plass
Skulelunsj, elevane og lærarar er kome på plass

Skulelunsj, alle sang før maten
Skulelunsj, alle sang før maten

Skulelunsjen, sanitetsdamene som ordna lunsjen
Skulelunsjen, sanitetsdamene som ordna lunsjen

Gå til nyhendearkiv

Her ligg plakaten over onsdags-/ Kløverturane i Bryggja sanitetsforening
Bryggja Sanitetsforening
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Status pr.19. juli, Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Søknadskjema for elevopptak i Bryggja skule AS, og skjema for samtykkje
Referat frå Bryggja utviklingslag sine møter

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
13. okt
Vestavind arrangerer "Oktoberfest" i Bryggja Grendahus
Vestavind