Fredag 27.november 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Sanitetsforening - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Onsdagsturen til Movatn & Høgelida

13. juli

Av M. Sørhaug

I strålande sommarver var det mange som tok turen til Movatnet denne fine onsdagskvelden !
Mange stansa i Høgelida og venta på dei som kom på retur frå Movassosen.
I Høgelida var mange opne sel / hytter, der det var grilling og kaffi i godt lag.
Fint at så mange kunne samlast i godt turlag og sosialt samver, kombinert med fysisk aktivitet i natura rundtom. Ekstra fint er det å sjå så mange ungar som deltek på desse turane.
Dette er også i tråd og tradisjon med NKS sine målsetjingar.
Neste onsdag, 20 juli, går turen til Eldeviksætra, eventuelt vidare til Skogadalen / Synnevahornet for dei som tek den utfordringa. Denne turen startar 17.45 frå Bryggja, og er fellestur med Kjølsdalen.
Vel møtt !
Bryggja Sanitetsforrening,- v/ Marit.

Høglia, mot hytta til Marit Sørhaug
Høglia, mot hytta til Marit Sørhaug

Høglia, ved hytta til Husevåg
Høglia, ved hytta til Husevåg

Gå til nyhendearkiv

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))
Bilder frå 17-mai toget på Bryggja, og om morgonen
Har vi nokre nye nyheiter til Bryggja sida her ?
Status Sandvolleyballbana på Søholmen