Bryggja Sanitetsforening hadde årsmøte på Dagsenteret Bryggja Omsorgsenter 28.02.2012.
I 2011 hadde foreninga 69 hovedmedlemmer og 3 støttemedlemmer. Vi er 25 aktive medlemmer i foreninga.
I februar sel vi fastelavensris, denne inntekta går til lokale tiltak. Foreninga har også støtta Totland Kyrkje med kr.20000,00
Skulelunsjen på Bryggja skule i juni er alltid populær: Sunn mat og god omsorg er tanken bak. Nærmiljøannlegget ved skulen fikk kr.25000,00.
Bryggja Sanitetsforening arrangerer også turer i skog og mark kvar onsdag ettermiddag frå mai til september.
Basaren i november er ei viktig inntektkjelde for foreninga.
Kvart år har foreninga julefest på Bryggja Omsorgsenter. Og alle over 80 år i bygdene Almenning og Bryggja får blomsterhilsen til jul.
Av NKS sine merkesaker har vi støtta: Kreftsaka, revmatismesaka, kvinnemedisinsk forskning, psykiske lidingar, forskning til beste for barn og unge og utlandsfondet.
Lokalt har vi gjeve gave til nærmiljøanlegget ved Bryggja skule, Krisesenteret i Sogn og Fjordane, Totland Kyrkje, Bryggja Omsorgsenter, til nyfødde i Almenningen og Bryggja.
Styret i Bryggja Sanitetsforening for 2012:
Leiar: Lillian Kriken
Nestleiar: Marit Nore Sørhaug
Kasserar:Randi Husevåg
Skrivar: Rigmor Bakke
Styremedlem: Bjørg Vambeseth
Varamedlemmer: Laura Hole, Betty Hessevik og Karin Lefdal.
Dei som vil låne krykker må henvende seg til Gunnvor Svoren.
Bryggja Sanitetsforening vil takke alle som har støtta oss i arbeidet i året som gjekk.
-Bryggja Sanitetsforening-