Hei og Hå 4H hengde opp fugleholkar rundt Lefdalsvatnet for snart 10 år sidan. Dette var eit av samarbeidsprosjekta med Bryggja Skule, og det var 5.-7.klasse ved skulen som laga holkane på sløyden. Kvart år har 4H-klubben hatt tilsyn med holkane, tømt dei for gamle reir og klargjort dei for ny sesong.
No var mange i dårleg forfatning og enkelte har gått tilbake til naturen, så det var på tide med litt fornying.
 | Vi laga i alt 13 nye holkar |
 | Taket skal kunne takast av for å sjå ned i holken |
 | Botnen må tilpassast nøye |
 | Holkane blir beisa godt |
 | Litt leik og moro blir det alltid tid til |
 | Fugleholken heng i to krokar og tau rundt trestammen |
 | Littt klatring før den heng 1,5-2 meter over bakken |
 | Desse holkane passar for små fuglar, som svartkvit flugesnappar |
 | Klar for innflytting |
|