Torsdag 19.juli 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Sanitetsforening - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Trekningsliste og sanitetsforeninga takker for støtte til basaren

Av M. Sørhaug

Bryggja Sanitetsforening rettar ei stor takk til bygdefolk og andre for god og heilhjarta støtte til basaren vår 10.november 2013.

Trekningslista frå basaren

Basar 2013, Skulekoret underheldt
Basar 2013, Skulekoret underheldt
Vi fekk inn brutto ca kr 53000.
Av konkrete tiltak som ”Saniteten ” har bidrege til dette siste året kan nemnast.
Lysa i vegen opp til Grendahuset, der den mørke svingen vart godt opplyst.
Til dette gav ” Saniteten ” kr. 15000,- Forslaget til dette kom frå ei sanitetsdame, fint takkeskriv frå Bryggja Grendahus, som nok vil kome i glas og ramme.

Bryggja Sanitetsforening har også medverka til dei posetive tiltaka opp i lysløypa. Gjennom eit NKS-fond vart det bidrege med kr: 15000,-
Så vart der og bevilga ei ekstra løyving på kr: 5000,- frå eit årsmøtevedtak. Ein samla sum på kr: 20 000,- til lysløypa er noko vi i sanitetslaget er godt nøgde med.
Basar 2013, YNB spelte nokre melodier
Basar 2013, YNB spelte nokre melodier

Ei løyving på kr: 5000,- vart bevilga til ein båt på Fjordly, til fritidsaktivitetane der ute.
Så gav laget også eit bidrag på kr: 5000,- til kjølehette for kreftopererte, noko som pasientar frå vårt distrikt også kan ha nytte av. Elles har laget også gjeve støtte i fleire år til Sjukehusaksjonen Nordfjord, no i det siste til kampen for dagkirugi.

Så har vi og mange enkle tiltak som ” Saniteten ” ser som godt og naudsynt å støtte, som skulen,- vår med juleverkstad, og skulelunsjen rett før skulen tek sommarferie.
Vi støttar og Omsorgssenteret, kyrkja, barnehage og eldre.
Blomsterhelsing til jul er ei årviss sending til eldre på Bryggja og i Almenning. Likeeins ei lita gåve med kløvermerke til alle nyfødde i same området.
Dette for nemnde litt i lokalmiljøet her.

Takk til alle som støttar og er positive til arbeidet i Bryggja Sanitetsforening.
” I de små ting frihet, i de store ting enighet, i alle ting kjærlighet ”

Helsing BRYGGJA SANITETSFORRENING

Gå til nyhendearkiv

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))
Her ligg plakaten over onsdags-/ Kløverturane i Bryggja sanitetsforening
Bryggja Sanitetsforening
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Status pr.16. juli, Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Søknadskjema for elevopptak i Bryggja skule AS, og skjema for samtykkje
Referat frå Bryggja utviklingslag sine møter