Onsdag 20.februar 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Skyttarlag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Årsmelding 2003

Av Astor Henriksen

STYRET HAR VORE SAMANSATT SLIK:

LEIAR Astor Henriksen
KASSERAR Stig-Rune Maurstad
NESTLEIAR Odd Hestenes
BANEMEISTER Malvin Hestenes
LEIAR UNGDOMSUTVAL Magne Husevåg

Det har igjen vore eit aktivt år for skyttarlaget. Vi har eit stabilt medlemstal på ca. 115 medlemer.
Vi byrja sesongen med innandørsskyting i Nordfjordhallen, dette var eit tilbod som ein del nytta seg av. Vi har det same tilbodet for våre medlemer i komande sesong, og vi håper på at dei nyttar seg av dette tilbodet.
Banestemnet vårt vart arrangert 10.-11. mai, men dette var ein uheldig dato p.g.a. konfirmasjonar. Stadlandet og Syvde arrangerte ikkje stemne, difor blei deltakinga litt mindre enn i fjor. Banestemnet i 2004 blir mest sannsynleg siste helga i mai.
I byrjinga av juni tok vi til med trening/oppskyting for jegerar. Det viser seg at dei fleste ventar til august med å ta skyteprøva. Vi i styret vil oppfordre fleire til å ta prøva i juni med omsyn til ”kø” i aug./sept. I samband med desse kveldane har vi sal av ammunisjon, dette er ein god inntektskjelde for laget. Ein liten peikefinger til dei som styrer med pengane på disse kveldane: ein ikkje-medlem som skyt prøva skal betale for trening dersom dette er utført, her taper vi inntekt.
I Nordfjordcupen deltok Bryggja Skyttarlag med 3 lag: 2 seniorlag og 1 rekruttlag. Seniorane kom seg ikkje vidare frå første runde, men rekruttskyttarane vann Nordfjordcupen, og vart med til fylkesfinalen i Førde.
Landsskyttarstemnet 2003 vart i år arrangert i Oppdal. Bryggja skyttarlag reiste til LS med 15 deltakarar, og var med stort og smått 44 ”bryggjaværingar”.
På samlagsstemnet 2003 på Tua deltok 19 stk, her kan vi nemne at seniorskyttarane tok medalje i lagskyting.
På grunn av regelverket til DFS arrangerte vi jaktfeltstemne saman med jegerforreininga, dette viste seg å vere vellukka, med over 40 deltakarar. Men vi ser helst at fleire jegerar frå vårt lag stiller opp på slike arrangement.
Vi vil og nemne at vi har inngått avtale om utleige av bana til Kjølsdalen og Kveldulf skyttarlag for 5 år.

STYRET I BRYGGJA SKYTTARLAG VIL TAKKE ALLE VÅRE MEDLEMER FOR HJELP OG STØTTE I 2003 OG ØNSKJER ALLE LUKKE TIL MED SESONGEN 2004.

Gå til nyhendearkiv

Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Status pr. 26.oktober. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
Har de leikar, ting til skulekjøkkenet o.l. så tek Bryggja Skule imot
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Søknadskjema for elevopptak i Bryggja skule AS, og skjema for samtykkje
Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun

 

24. feb
Ekstra ordinær generalforsamling i Bryggja Skule AS (vedlagt innkalling og fullmaktskjema)
28. feb
Årsmøte i Pensjonistlaget
Bryggja Pensjonistlag
2. mar
Fastelavsens kafé i Dagsenteret, vi selger ris i bygda frå 23.februar
Bryggja Sanitetsforening
10. mar
YNB held konsert i Flatraket skule, sjå plakat på butikkane
Ytre Nordfjord Brass
10. mar
"SYNG MED OSS" i Bryggja Grendahus
Vestavind
24. mar
Årsmøte m/utdeling av merker
Bryggja Skyttarlag
6. apr
Dugnad på skytebana Nave
Bryggja Skyttarlag
28. apr
Samlagsstemnet i Felt
Bryggja Skyttarlag