Tysdag 18.juni 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Hei og Hå 4H - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Fra Gravferd til gummistrikk

Ein guide til Ghana

Av Vivian Sollid

6.-16. oktober reiste Vivian og Bente Sollid saman med Tor Brekke frå norske 4H til Ghana for å møte 4H-ungdomar i byen Koforidua.

Heile prosjektet starta ved at Anne-Marit Hessevik kontakta oss. Ho har som sosialantropologistudent vore i Ghana. Der hadde ho hatt kontakt med Kwaku Boateng som nettopp hadde starta Ghana 4H. Han var interessert i å ha kontakt med 4H i Noreg og Anne-Marit brakte beskjeden til oss. Vi synes dette hørtes veldig interessant ut og søkte LNU om pengar til eit forprosjekt. Forprosjektet skulle gå ut på å undersøke grunnlaget for samarbeid mellom klubbar i Noreg og 4H i Ghana. Eg ønska å få dette til å valde Ghana som mitt 4H-prosjekt i år. På byrjinga av året sendte eg inn søknad om å få godkjent dette som mi 4H-oppgåve. 4H i fylket godkjende den og eg byrja å arbeide for å få til ein studietur til Ghana. Tor Brekke blei kontakta p.g.a tidlegare erfaringar med 4H i Afrika. Han heldt den formelle kontakten med 4H i Ghana. Vi i Hei og Hå 4H skreiv eit brev til 4H-klubbane i Ghana. Det blei dei glade for. Vi sendte også med nokre bilder og dei heng no på 4H-kontoret i Koforidua.

6.10-2003 var dagen då eg for fyrste gong vende nasen mot det afrikanske kontinentet. Eg, mamma (Bente Sollid) og Tor Brekke skulle til Ghana. Vi reiste grytidlig om morgonen, måtte vente 5 timar i London før vi satt på World-traveller- flyet i 6 og ein halv time. Vel framme måtte vi vente ein halv evighet før vi fikk bagasjen og så var det ut i folkehavet for å sjå om vi fann vår mann i Ghana, Kwaku Boateng. Heldigvis klarte vi å finne han utan store vanskar. Vi skulle køyre ca. 1 time og 20 min før vi kom til Koforidua. ELLER… Det var det dei sa. Vi brukte ca. 2 tima.
Vår andre dag i Ghana starta tidlig. Vi køyrde heile vegen tilbake til Accra denne morgonen. Der hadde vi møter med mange forskjellige departement. Vi håpar at vi på denne måten har opna nokre dører for Ghana 4H. Neste dag begynte det verkelig kjekke. Vi var rundt å besøkte 6 eller 7 4H-klubbar i byen. I løpet av dei 10 dagane vi var i Ghana trur eg vi fekk besøke alle 26 4H-klubbane i Ghana. Laurdagen var vi på utflukt og såg Boti falls, Akaah falls og botanisk hage. Søndagen var vi i kyrkje. Mr. Boateng var mormonar så vi gikk i den kyrkja. Ein gudsteneste der varte i over 3 timar. Etterpå blei vi med nokre venner av oss til ein landsby. Der bada vi i basseng og kosa oss med god mat.

Eine dagen var eg og mamma med på eit møte i ei støttegruppe for Aidssjuke. Det var ein ganske sterk oppleving. 4H i Ghana har fått midlar til AIDS opplysning. Det er mykje fordommar mot AIDS i Ghana og det prøver dei å gjere noko med.

Ellers er det mykje ventetid i Ghana. Då kan eit enkelt gummistrikk gjere nytten som underholdning. Dette lærte vi av Tor som har vore i Afrika mange gonger og kjenner GMT (Ghana Maybe Time).

Det som var den store happeningen i Ghana var Gravferder. Ei gravferd varte i minst tre dager og var ei av årsakene til at ungar blei tatt ut av skulen. Vi var på besøk i fattigdomsdepartementet og han sa at å få folk til å gå bort frå dei tradisjonelle gravferdene ville betre økonomien til vanlege folk.

Vi hadde ein flott tur til Ghana og anbefaler alle til å reise dit på ferie. Ghana er eit godt utvikla land i forhold til dei fleste andre afrikanske land og det er eit veldig billig land.

Gå til nyhendearkiv

Status 25.mai 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Program for 17-mai på Bryggja 2019
Onsdagsturane og kløverutrane i 2019, plakat
Bryggja Sanitetsforening
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
17-mai komiteen på Bryggja 2019

 

19. jun
Onsdagstur til Kringla
Bryggja Sanitetsforening
26. jun
Onsdagstur til Rimsstadosen. Sløyfer setra i år
Bryggja Sanitetsforening
3. jul
Onsdagstur til Falkeviksætra frå Almenningsfjellet
Bryggja Sanitetsforening
10. jul
Onsdagstur og KLØVERTUR. Movatnet- Høglia, grilling i Høglia. Transportmulighet.
Bryggja Sanitetsforening
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind