Torsdag 21.mars 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja skule - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Åkerprosjekt

Bryggja skule har i samarbeid med Hei og Hå 4H søkt og fått midlar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til helsefremjande tiltak. Vi ville lage eit prosjekt der barna får lære korleis vi kan dyrke sunn og god mat sjølve. Vi har fått laga oss ein åker på garden til Harald Maurstad, der vi vil dyrke grønsaker, korn og litt blomar. Bryggja Bondelag har vore kjempegreie og har teke på seg arbeidet med å få opparbeidd åkeren.

Vi starta opp prosjektet fredag 16.april. Då var Oddfrid Vereide frå Hei og Hå 4H saman med oss heile dagen. Ho lærte barna kva ein åker var, ei får, to- plogs skjær, frø og kva dei treng for å vekse seg store og sterke. Ho snakka også om kva arbeid vi måtte leggje ned for å få eit vellukka resultat. Barna var engasjerte og hadde mange spørsmål og svar. I mat-friminuttet fekk alle på skulen oppskjærne grønsaker og frukt, og det gjekk unna!

Bryggja skule skal no passe frøa til dei byrjar å spire, slik at vi kan plante dei ut. Medlemmane i 4H har teke på seg ansvaret for å passe åkeren i sommar, og så skal vi hauste eigenproduserte grønsaker utover sommaren og hausten. Vi kjem til å skrive og leggje ut bilder av prosjektet undervegs.

Jonas har hjelpt oss med å laga åker
Jonas har hjelpt oss med å laga åker

Vi laga til jord i pottene ute, alle har planta sine eigne plantar
Vi laga til jord i pottene ute, alle har planta sine eigne plantar

Vi tok med oss pottene med mold inn for å ha frø i dei
Vi tok med oss pottene med mold inn for å ha frø i dei

Alle pottene vart merka med kva vi hadde planta i dei ulike pottene
Alle pottene vart merka med kva vi hadde planta i dei ulike pottene

Grønsaker kutta opp i bitar smakar godt!
Grønsaker kutta opp i bitar smakar godt!

Blomkål frå eigen åker vert nok enno betre
Blomkål frå eigen åker vert nok enno betre

Gå til nyhendearkiv

Søknadsskjema til Bryggja skule AS
17-mai komiteen på Bryggja 2019
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Status pr. 26.oktober. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun

 

9. mar - 23. mai
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
24. mar
Årsmøte m/utdeling av merker
Bryggja Skyttarlag
27. mar
Orienteringsmøte ang. grensejustering
31. mar
MUSIKKBASAR for Bryggja skulekorps
Bryggja Skulekorps
4. apr
Årsmøte i Bryggja Utviklingslag, frist saker 28.mars
6. apr
Dugnad på skytebana Nave
Bryggja Skyttarlag
7. apr
Ytre Nordfjord Brass held konsert i Flatraket skule, sjå plakat på butikkane
Ytre Nordfjord Brass
28. apr
Samlagsstemnet i Felt
Bryggja Skyttarlag