Torsdag 21.februar 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja skule - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Vassløparen i Hølen

1. til 4. klasse hadde utedag i Hølen der vi skulle lære om overflatehinna på vatnet. Vi ville finne ut kvifor vassløparen kan gå på vatnet utan å drukne.

Vi snakka om vassmolekyl og luftmolekyl og lærte at dei laga spenningar i vatnet som gjorde at det vert ei overflatehinne på vatnet. Molekyla i det indre av vatnet er omringa av andre molekyl på alle kantar. Derfor er dei påverka av elektriske krefter frå alle nabomolekyla. På overflata er det andre vassmolekyl berre under og på sidene, mens det er luftmolekyl over. Det er ikkje så stor tiltrekningskraft mellom vassmolekyla og luftmolekyla. Difor er kreftene som trekkjer på vassmolekyla i overflata sterkare nedafrå og frå sidene enn ovanfrå. Molekyla i overflata vert difor trekt sterkare saman. Kreftene mellom vassmolekyla i overflata kallast for overflatespenning. Denne overflatespenninga dannar ei hinne som vi kallar overflatehinne.

Vi brukte ei gelantinplate for å illustre overflatehinna
Vi brukte ei gelantinplate for å illustre overflatehinna

Vassløparen har i tillegg hår på beina som fungerer som truger når den spring over vatnet. Håra gjer at overflata på beina vert større, slik at sjansen for å trakke gjennom hinna vert mindre. Larven og puppene til myggen nyttar seg og av overflatehinna ved at dei heng i den med ånderøra sine.
Vassløparen har hår på beinar som fungerer som truger på overflatehinna
Vassløparen har hår på beinar som fungerer som truger på overflatehinna

Når vassløparen sprang over vatnet kunne vi sjå at overflatehinna bula litt ned på grunn av vekta til vassløparen. Det fekk vi tydeleg sjå når vi fekk ein aluminiumsbit til å flyte på vatnet.
Aluminiumsbiten flyt på overflatehinna
Aluminiumsbiten flyt på overflatehinna
Når Panamakanalen vart bygd var dei plaga av mygg fordi det var store sumpområder rundt dei, og mange av arbeidarane vart sjuke av malaria. For å bli kvitt myggen la dei olje over store områder, slik at overflatehinna skulle bli broten og myggen drukna. Vi skulle prøve det same med såpe fordi det har same effekt som olje. Når vi hadde såpe i vatnet datt aluminiumsbiten rett i botnen av baljen
Overflatehinna vart broten når vi tok såpe oppi
Overflatehinna vart broten når vi tok såpe oppi
Vi fann utruleg mange vassløparar i Hølen
Vi fann utruleg mange vassløparar i Hølen
No kan vi mykje om korleis overflatehinna fungerer
No kan vi mykje om korleis overflatehinna fungerer











Gå til nyhendearkiv

Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Status pr. 26.oktober. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
Har de leikar, ting til skulekjøkkenet o.l. så tek Bryggja Skule imot
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Søknadskjema for elevopptak i Bryggja skule AS, og skjema for samtykkje
Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun

 

24. feb
Ekstra ordinær generalforsamling i Bryggja Skule AS (vedlagt innkalling og fullmaktskjema)
28. feb
Årsmøte i Pensjonistlaget
Bryggja Pensjonistlag
2. mar
Fastelavsens kafé i Dagsenteret, vi selger ris i bygda frå 23.februar
Bryggja Sanitetsforening
10. mar
YNB held konsert i Flatraket skule, sjå plakat på butikkane
Ytre Nordfjord Brass
10. mar
"SYNG MED OSS" i Bryggja Grendahus
Vestavind
24. mar
Årsmøte m/utdeling av merker
Bryggja Skyttarlag
6. apr
Dugnad på skytebana Nave
Bryggja Skyttarlag
28. apr
Samlagsstemnet i Felt
Bryggja Skyttarlag