Torsdag 21.mars 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Pensjonistlag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Årsmøtereferat 2004

Årsmøte i Bryggja pensjonistforening 25/2 2004.

Til dette møtet var det samla 23 medlemar. Velkomsthelsing ved leiar Magnhild som såg fram til avløysing etter åtte år ved roret.
Owesen var på plass med trekkspelet, og vi starta med pensjonistsangen ”Ver velkommen”.
Borgny hadde ord for dagen med eit innlegg frå Familien der temaet var: Hver dag har nok med sin glede. Sangen som høvde var ”Lover den Herre”.
Søgni var ikkje tilstades på forige møte så Ingebjørg refererte frå den samlinga.

Årsmøtesaker:
Årsmeldinga som Søgni hadde laga klar vart opplesa av Arnvid E. Nore. Den vart godkjend.
Laget takka for velgjort skrivararbeid i mange år. Vi får tru takken når Søgni om ho ikkje var tilstades. Ho har bede om skifte og tek ikkje atval.

Rekneskapen ved Arvid Nore.
Han gjekk gjenom talmatrialet, og det vart godkjent med den merknad at kontingenten til krinsen og det som er att til laget vert synleggjort.

Bordvers og nydeleg kaffiservering med fastelavensbollar og smørbrød.
Takk til Ragnhild og Jetmund for lang og velgjort kjøkkenteneste.
Matpengar 670,- kr.
Loddpengar 1.400,- kr.

Valg:
Valnemnda hadde gjort godt forarbeid, som for det meste hadde falle på Eldbjørg på grunn av sjukdom hos dei andre. Det vart orientert om val-lovene.

Styret for Bryggja pensjonistforening 2004 ser slik ut:
Leiar for to år, Oddrun Husevåg, samrøystes
Nest leiar for 1 år, Arnvid E. Nore, samrøystes
Kasserar for 2 år, Arvid K. Nore, gjenvalg, samrøystes
Skrivar for 1 år, Jofrid Solibakke, samrøystes
Styremedlem for 2 år, Solveig Brobakke, samrøystes
Styremedlem, (Reidar Endestad, ikkje på valg)
Vara til styret for 2 år, Per Brobakke, samrøystes
Vara til styret, (Knut Solibakke, ikkje på valg)
Revisor, (John Totland, ikkje på valg)
Revisor for 2 år, Ingebjørg Tenden, samrøystes

Turnemnd: Aslaug Haug, Arvid Nore, Karl Solibakke
Valnemnd: Eldbjørg Totland, Kari Hessevik, Egil Brobakke
(her skal kvart årsmøte velje ein ny, og den som står fyrst går automatisk ut).

Representantar til Bryggja Grendahus:
Oddrun Husevåg, 2 år, samrøystes.
Vara: Ingebjørg Tenden, 1 år, samrøystes.
Per Brobakke, 2 år, samrøystes.
Vara: Jetmund Myklebust, 1 år, samrøystes.
Owesen ikkje på valg 2004 (på valg i 2005).
Vara: Egil Brobakke, 2 år, samrøystes.

Kjøkkenansvarlege fram til sommaren 2004: Eldbjørg og Jon Totland, Ingebjørg Tenden.

Owesen tykte at etter eit vellukka valg burde vi stemme i med sangen ”Vi rekker våre hender”.
Det er så sant, så sant at vi kan greie mykje når vi helpest åt.

Så var det alle takksigelsane.
Den nyvalde leiaren Oddrun takka Magnhild for lang og tru teneste og overrekte eit handmåla skrin med inskripsjon på. Det same fekk Søgni. Ho var som tidlegare nemnt ikkje tilstades.
Så takka Magnhild alle og einkvar og strødde blomsterdryss til sine medhjelparar.
Magnhild fekk òg blomsterkorg av kjøkenkomiteen.
Eit vellukka årsmøte vart avslutta med ”Blåveispiken”.
Neste møte: 24. mars kl 15.00

Ref. Ingebjørg

Årsmøtet februar 2004 © Oddrun Husevåg
Årsmøtet februar 2004
Oddrun Husevåg

Gå til nyhendearkiv

Søknadsskjema til Bryggja skule AS
17-mai komiteen på Bryggja 2019
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Status pr. 26.oktober. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun

 

9. mar - 23. mai
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
24. mar
Årsmøte m/utdeling av merker
Bryggja Skyttarlag
27. mar
Orienteringsmøte ang. grensejustering
31. mar
MUSIKKBASAR for Bryggja skulekorps
Bryggja Skulekorps
4. apr
Årsmøte i Bryggja Utviklingslag, frist saker 28.mars
6. apr
Dugnad på skytebana Nave
Bryggja Skyttarlag
7. apr
Ytre Nordfjord Brass held konsert i Flatraket skule, sjå plakat på butikkane
Ytre Nordfjord Brass
28. apr
Samlagsstemnet i Felt
Bryggja Skyttarlag