Torsdag 19.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Pensjonistlag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Pensjonisttur 30. juni 2004

Vi samlast ved Grendahuset kl ½ 9, og vi var 39 stykke. Margun kom på i Ervik, så i alt var vi 40 stk. på tur. Det var 94 årsdagen til Hildur Sølvberg, så henne sang vi bursdagssang for. Vi køyrde mot Eid og Hornindal. Jetmund Myklebust fortalde om gamle postveien og postberara heile veien. Ved ”Hondalen” gamle bru hadde vi kaffipause. Hadde ein sving nedom Hellesylt sentrum for å sjå, så vidare utmed fjorden over Strandafjellet mot Stranda. Der tok vi ferge til Liabygda og vidare inn mot Valldal og Muritunet.

Sommarturen 2004 © Oddrun Husevåg
Sommarturen 2004
Oddrun Husevåg

Det var strålande sol så vi såg oss omkring ein liten time, så var vi inn og fekk oss mat. Der var både varm og kald mat, alle fekk forsyne seg som dei ville, og det smaka retteleg godt. Etter middag var vi inn til Tafjord og såg badebasseng dei hadde på ein stor kampingplass. Oppvarma sjølvsagt.
Tilbake i Valldal tok vi ferge til Eidsdal og ein biltur over fjellet og nedatt mot Geiranger. Der låg ein turistbåt vi såg den dagen. Elles kunne vi handle, ete is og sjå på turistar. Hadde ein god ½ time stogg, så vidare oppå fellet og så mot Stryn. Der hadde vi pause til kaffi og fotografering. Vidare heim gjekk fint, med ein flink sjåfør ifrå Rovde. Var med Grendahuset i 8 – ½ 9 tida. Ein strålande tur.

Jofrid Solibakke

Gå til nyhendearkiv

Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind