Torsdag 21.mars 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Pensjonistlag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Årsmelding for 2004

Dette året har det vore 9 lagsmøte i Bygdatun + Julefesten på Fjordly. Det har vore tre styremøte; på det fyrste vart det bestemt å sende blomster til berre runde dagar.
På årsmøtet fekk vi ny leder Oddrun, nestleder Arnvid og skrivar Jofrid. Kasserer Arvid, Reidar og Solveig er òg med i styret. Det er 46 medlemer og kr 150 pr. stk. i medlemspenger.

Per Steinar Myklebust frå Eid har halde gymnastikk med oss på ei møte.
Helge Kragseth har halde foredrag om tru og overtru på fiske. Eit koseleg innslag på møtet.
Aslaug Gillesdal var med på møtet i mai og heldt andakt.

Anny og Egil var på visningstur til Tyskland.
Oddrun og Ingebjørg har vore på Fylkesårsmøte i Florø i mars.
Jetmund Myklebust vart vald til ny medlem i turnemnda for Karl Solibakke som var blitt sjuk.
Jetmund la opp reiseruta for dagsturen vi hadde til Valldal 30. juni. Turen kosta kr 8.000 for buss og ferge, og det ville laget koste. Vi var 40 stk. på tur i stålande sol.
Arnvid er medlem i eldrerådet i Vågsøy og han har vore på møte der.
Oddrun og Arvid har vore på eldremøte på Skei i 3 dager, og Margot Hessevik på kurs i seniordans i Sogndal.
2. oktober var det fest for ”Vi over 60” med mat, program og dans.
Laget har støtta hjarteaksjonenen med kr 500.
Magnhild har vore leiar i 7 år og Søgni skrivar like lenge, så dei fekk kvar sitt rosemåla skrin som takk for trufast arbeid.
Stor takk òg til Owesen som har vore med oss på alle møte med glad musikk.
Det har vore mellom 20 og 32 stykke på møta. På Julefesten på Fjordly var det 45 stk.
Ingebjørg, Eldbjørg og Jon var kjøkkenhjelp fram til sumaren. På hausten fram til jul var Ragnhild og Oddrun + Karstein kjøkkenhjelp.

Jofrid Solibakke

Gå til nyhendearkiv

Søknadsskjema til Bryggja skule AS
17-mai komiteen på Bryggja 2019
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Status pr. 26.oktober. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun

 

9. mar - 23. mai
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
24. mar
Årsmøte m/utdeling av merker
Bryggja Skyttarlag
27. mar
Orienteringsmøte ang. grensejustering
31. mar
MUSIKKBASAR for Bryggja skulekorps
Bryggja Skulekorps
4. apr
Årsmøte i Bryggja Utviklingslag, frist saker 28.mars
6. apr
Dugnad på skytebana Nave
Bryggja Skyttarlag
7. apr
Ytre Nordfjord Brass held konsert i Flatraket skule, sjå plakat på butikkane
Ytre Nordfjord Brass
28. apr
Samlagsstemnet i Felt
Bryggja Skyttarlag