Bryggja Skulekorps deltok på Sogn og Fjordane mesterskapet for skulekorps i Poljen 11 - 13.mars.
Korpset deltok i 3.divisjon brass der vi fekk 8.plass.
Solistane våre gjorde ein kjempeinnsats og fekk velfortjent premiering for dette.
Sondre Matias spelte "Summertime" på flugelhorn og undertegna må innrømme at tårene ikke var lette å holde tilbake under "seansen".
Monica utførte også ei nydeleg framføring av sitt stykke.
Eg var både rørt og kjempestolt!!!! TUSEN TAKK TIL DOKKE BEGGE TO....
Korpset var også flinke og vi har ein herleg gjeng med ungdomar i korpset. Dei av foreldrene som ikkje har vore med på turar ol. i korpset sin regi bør absolutt sette av tid til dette.
Siv og Helene var med for første gang, og eg trur dei storkoste seg. Ein festleg kommentar frå Helene:
"Du Kari, det er nokre her borte som trur at eg og Siv er dvergar !!"
Kari: " Koffor det då ?"
Helene: " Fordi vi har så lite telt vel !!! "
Overnattinga hadde vi i teltleir i Nordfjordhallen og det var kjempekult. Sovinga vart det vel så som så med men det kan vi ta igjen når kvardagen kjem.....