Onsdag 20.februar 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Hei og Hå 4H - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Årets klubb

Vi vart Nordfjordmeistrar og årets klubb i Sogn og Fjordane i året som gjekk. Det vart vi sjølvsagt både glade og stolte over. Annette, Bjørn Olav og Gunn reiste på årsmøte i Sogn og Fjordane 4H laurdag 12.mars mellom anna for å motta det synlege beviset på at vi vart årets klubb. Vi fekk eit tinnkrus og diplom.

Bjarne Bø frå Felleskjøpet Øst Vest delte ut tinnkrus og kom med rosande ord til Årets 4H-klubb 2004
Bjarne Bø frå Felleskjøpet Øst Vest delte ut tinnkrus og kom med rosande ord til Årets 4H-klubb 2004
To fornøgde 4H`arar
To fornøgde 4H`arar
Vi tek med kva som stod i årsmeldinga som bakgrunn for å velje Hei og Hå 4H til Årets klubb.

ÅRETS KLUBB 2004
Fylkesstyret kårar kvart år Nordfjord-, Sunnfjord- og Sognemeister. Av desse tre blir ein vald til Årets klubb i Sogn og Fjordane 4H. Å velje ut desse mellom alle klubbane i fylket er ingen lett jobb, og fylkesstyret brukar mykje tid på vurderinga. Under kåringa vert det teke omsyn til mellom anna fagaktivitetar, tilskipingar for klubben og for andre og deltaking på arrangement elles i 4H-organisasjonen. Tinnkruset som er det synlege beviset på at ein klubb vert kåra til årets klubb vert i år gjeve av Felleskjøpet Øst/Vest BA.

ÅRETS KLUBB 2004
Desse klubbane i kvar region var med i sluttvurderinga:

Sogn: Firkløveren 4H, Havgula 4H, Vårliv 4H.
Firkløveren 4H vart Sognemeister.

Sunnfjord: Solstrålen 4H, Krokane 4H, Standal 4H.
Solstrålen 4H vart Sunnfjordmeistar.

Nordfjord: Bukta 4H, Trekløveret 4H, Hei og Hå 4H.
Hei og Hå 4H vart Nordfjordmeistar og årets klubb 2004.

Denne gjengen gjorde eit flott stykke 4H arbeid i fjor!
Denne gjengen gjorde eit flott stykke 4H arbeid i fjor!
Hei og Hå 4H har hatt eit aktivt og innhaldsrikt år. Heile 32 møte og arrangement har dei 28 medlemmane i klubben vore med på. I tillegg har det vore medlemmer som har delteke på styrekurs, klubbrådgjevarsamling, fylkesårsmøte, aspirantleir og landsleir.
Medlemmene i klubben har og vore aktive i bygda med å drive kafé på bygdekontoret, delteke på Open Gard, samarbeidd med idrettslaget om skismørjekurs og hatt samarbeid med Bygdeutviklingslaget og Kystlaget Hornelen. Saman med Bryggja skule og Bondelaget har dei hatt grønsakåker. Hei og Hå 4H har også arrangert Volleyfest for naboklubbane og i oktober hadde Hei og Hå 4H besøk av 4 4H-arar frå Ghana. Det 10 dagar lange besøket var ein gjenvisitt etter at 3 frå Hei og Hå 4H besøkte Ghana 4H i fjor.
Besøket vårt frå Ghana på tur til Kråkenes fyr
Besøket vårt frå Ghana på tur til Kråkenes fyr




Gå til nyhendearkiv

Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Status pr. 26.oktober. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
Har de leikar, ting til skulekjøkkenet o.l. så tek Bryggja Skule imot
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Søknadskjema for elevopptak i Bryggja skule AS, og skjema for samtykkje
Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun

 

24. feb
Ekstra ordinær generalforsamling i Bryggja Skule AS (vedlagt innkalling og fullmaktskjema)
28. feb
Årsmøte i Pensjonistlaget
Bryggja Pensjonistlag
2. mar
Fastelavsens kafé i Dagsenteret, vi selger ris i bygda frå 23.februar
Bryggja Sanitetsforening
10. mar
YNB held konsert i Flatraket skule, sjå plakat på butikkane
Ytre Nordfjord Brass
10. mar
"SYNG MED OSS" i Bryggja Grendahus
Vestavind
24. mar
Årsmøte m/utdeling av merker
Bryggja Skyttarlag
6. apr
Dugnad på skytebana Nave
Bryggja Skyttarlag
28. apr
Samlagsstemnet i Felt
Bryggja Skyttarlag