Torsdag 2.juli 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja skule - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Vårteikn på veg til Noranakkjen

Vi har hatt eit nydeleg vårvêr i det siste og elevane har jobba med å finne vårteikn. Vi gjekk opp til "Noranakkjen" og ned att i "Hessevikja"

1.-4. klasse er ferdige med symjinga på Skram for dette skuleåret. Vi skal difor ha natur og miljø og samfunnsfag på utedagane framover. Vi jobbar med kva som kjenneteiknar bartre og lauvtre. Elevane har lært om selje, rogn, bjørk, furu og gran. Vi har også hatt blomar om våren som tema, og trekkfuglar og standfuglar. Oppe ved "Hølen" er der ein froskedam, som vi ser til ein gong i veka for å følje med i utviklinga frå egg til frosk.

Froskeegga er på plass i froskedammen vår
Froskeegga er på plass i froskedammen vår
Alltid ei spesiell kjensle å kjenne på dei glatte, kalde egga
Alltid ei spesiell kjensle å kjenne på dei glatte, kalde egga
Vassløparen var på plass
Vassløparen var på plass
Seljetreet hadde fine gåsungar
Seljetreet hadde fine gåsungar
Rognebærtreet hadde også knuppar
Rognebærtreet hadde også knuppar
Flott utsikt over bygda vår frå Noranakkjen
Flott utsikt over bygda vår frå Noranakkjen
Dette er altså ei furu og det er eit bartre
Dette er altså ei furu og det er eit bartre
Vi hadde konkurranse om kven som kunne mest om vårteikn
Vi hadde konkurranse om kven som kunne mest om vårteikn
Snart ferdige med alle spørsmåla
Snart ferdige med alle spørsmåla
Dei første pølsene som vert grilla ute om våren smakar best
Dei første pølsene som vert grilla ute om våren smakar best
Før vi gjekk ned att hadde vi ei lita premieutdeling for flott innsats i vårteiknkonkurransen
Før vi gjekk ned att hadde vi ei lita premieutdeling for flott innsats i vårteiknkonkurransen

Gå til nyhendearkiv

Trekningsliste Bryggja skulekorps 23.06.2020
Bryggja Skulekorps
Sakliste og rekneskap til årsmøte i Bryggja utviklingslag den 29.06.2020
Plakat på saniteten sine onsdagsturane frå mai til 9.september 2020
Bryggja Sanitetsforening
Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun

 

8. jul
Onsdagstur til Kringla
Bryggja Sanitetsforening
15. jul
Onsdagstur til Skorsteinshola frå Navevatnet (nye skogsvegen)
Bryggja Sanitetsforening
22. jul
Onsdagstur Sætrevatnet frå Fagerlida
Bryggja Sanitetsforening
29. jul
Onsdagstur / Kløvertur til Tofta
Bryggja Sanitetsforening
5. aug
Onsdagstur til Yste Raudeggjevatnet frå Brunsvika
Bryggja Sanitetsforening
12. aug
Onsdagsturen til Ytre Hundeidesetra. Fellestur med Kjølsdalen. Merk kl 17.45 frå busskuret ved Bryggja Grendahus
Bryggja Sanitetsforening
16. aug
Søndag tur ilag med saniteten til Mosekleivhornet frå Hoddevikfjellet Stadt (fellestur), start kl 09.15
Bryggja Sanitetsforening
26. aug
Onsdagsturen/ Kløvertur til Navestøylen i Kjølsdalen, event til vatnet (fellestur), merk tidspunkt kl 17.30
Bryggja Sanitetsforening
2. sep
Onsdagstur til Rimsstadosen. Sløyfer setra i år også.
Bryggja Sanitetsforening
9. sep
Onsdagstur Torvhuse i trimløypa v/vassverket (grilling) KLØVERTUR
Bryggja Sanitetsforening
4. okt
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening