Kystlaget Hornelen arrangerte open båtdag for alle.
Vi i 4H vart inviterte og ein staut gjeng tok turen til Gulebuda i Rugsund denne dagen. Det regna og temperaturen viste 3 grader, men kystkultur er viktig for klubben vår, så dette var eit tiltak vi sette stor pris på. Fyrste del av dagen var det aktivitetar på Gulebuda og andre del av dagen var vi på Rugsund Handelstad.
Rokonkurranse med færing var både kjekt og travelt. Her er nokre av våre 4H arar saman med båtbyggjar Ragnvald Holvik.
Desse 4H arane hadde Svein Olav Ask på sitt lag. Dei fleste veit nok at han er svært flink til å ro, men i dag ville vi finne ut om han takla så korte distansar...(det gjorde han med god hjelp)
Gert er ein kjemperessurs for å få barna interesserte i kystkultur. Han hadde lagt ned mange timar med arbeid for at vi skulle ha det bra denne dagen!
Andre tok seg ein segltur med gavlbåten Rudolf. Lars Olav Rylandsholm var kaptein, han fortalde mykje spennande om båten. Vi fekk lære ord og uttrykk som stammar frå båtlivet. Det var ei fantastisk kjensle når motoren var av og vinden tok tak i segl
Vi fekk skyss med redningsskøyta over til Rugsund Handelsstad.
Vi fekk kjøpe nydeleg fiskesuppe på den idylliske handelstaden.
Kurs i kajakkpadling sto for tur, det var surt og kaldt, men desse tøffe 4H arane let ikkje sjansen til å få padle gå i frå seg.
Dette var artig sjølv om fingrane vart ganske nummen.