I år var det vi i Bryggja sanitetsforening som arrangerte fylkesstemne i Norske Kvinners Sanitetsforening. Det vart ei flott helg der 100 damer var samla på møte på Fjordly.
Det var eit velykka arrangement og folk koste seg. Vi starta med innkvartering i Bygdatun fredag. Der fekk dei seg mat og praten gjekk livleg. Laurdag var det felles frokost på Fjordly. Leiaren vår Lillian Kriken tok i mot møtedeltakarane. Møte vart opna av fylkesleiar Anne Rigmor Gjertsen. På ettermiddagen var det bunadtog til Totland Kyrkje. Musikklaget Ytre Nordfjord Brass spelte flotte marsjar. Etter kyrkja var det festmiddag i Bygdatun. Det var eit flott program med mykje god underhaldning og mange helsingar. Takk til alle som hjalp oss. Søndag fortsatte møte og deretter var det guiding av Dagfinn Hessevik innover gamle vegen til Hessevika.
Vi kjem tilbake med meir referat frå fylkesstemne. Her er nokre bilder frå stemne.
Fylkesstemne 2005 Bunadstog
Foto: Fjordenes Tidende
Toget gjekk frå Fjordly til Kyrkja.
Fylkesstemne-Sanitetsmedlemane
Foto: Fjordenes Tidende
Karin Lefdal, Oddrun Husevåg og Gunnvor Svoren er ikkje på bildet.
Fylkesstemne-mot Kykja
Foto: Børje Heikkinen
Fylkesstemne- leiar Lillian Kriken
Foto: Jorunn Breiteig
Fylkestemne- Leikaringen
Leikaringen underheldt på festmiddagen laurdag.
Fylkesstemne -Vestavind
Foto: Jorunn Breiteig
Vestavind underheldt. Takk forservering og rydding på festkvelden.
Fylkesstemne- Æresmedlemmer Bryggja
Foto: Jorunn Breiteig
Lillian Kriken og Marit Sørhaug overrekte rosemala fat til æresmedlemmane.
F.v. Lillian Kriken, Alfhild Tunold, Oddrun Husevåg, Magnhild Kjøllesdal, Magnhild Rørvik, Ingebjørg Tenden og nestleiar Marit Sørhaug.
Fylkesstemne- Dagfinn og Olga
Foto: Jorunn Breiteig
Dagfinn Lågeide og Olga Pavlova underheldt på festmiddagen.
Fylkesleiar og ordførar
Foto: Jorunn Breiteig
Ordførar Roger Silden helsa frå kommuna. Fylkesleiar Anne Rigmor Gjertsen.
Fylkesleiaren i Hordaland
Foto: Jorunn Breiteig
Fylkesleiar Hild Berge helsa frå NKS sentralt.
Fylkesstemne- festlyd
Foto: Jorunn Breiteig
ca 150 festdeltakarar var samla i Bygdatun til festmiddag og underhaldning laurdag.