Torsdag 13.desember 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Pensjonistlag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Prolog ved unionsmarkeringa

Av Ingebjørg Tenden

Unionsoppløysinga vart markert med eit arrangement på Torget i Måløy den 7. juni 2005, der Martin K. Waag framførte prologen.

1905 - 2005

Skal ein forstå kva som hende i 1905 må ein attende til 1814. Det var då grunnlaget vart lagt for at ein no har levd 100 år som eigen nasjon. Etter 400 år med dansk/norsk fellesskap vart Norge ein sjølvstendig stat i 1814, men måtte overlate Island, Færøyane og Grønland til danskane.
1905 vart eit år med uro og dramatiske hendingar der Norge vart drege med i storpolitikken sine vurderingar som tilslutt enda opp med norsk union med Sverige. Den norske sjølvråderetten gjorde det likevel mogeleg å arbeide med mellom anna fire store saker, som fekk bygge opp norsk nasjonalkjensle og eigeverd.

Det fyrste var arbeidet med norsk grunnlov.
Vidare flaggsaka. Landet skulle få sitt eige, reine flagg.
Skuleverket med eit universitet og landbrukshøgskule.
Så var det 17. mai, som slett ikkje var enkel å få på plass.

1905 vart eit hendingsmetta år. Det gjekk mot brot med Sverige og det kunne ha enda med eit blodig oppgjer. Det var mange sterke menn som gjorde ein fantastisk jobb i denne oppløysingstida, men her må ein få lov å ta fram kvinnene sin innsats. Det er dei som til alle tider har halde heimane og livet igang når mennene vart kalla ut til krigsteneste.
Landskvinnestemmeforeningen ved Fredrikke Marie Qvam sette i gong ein underskriftskampanje over heile landet. Det vart samla inn 279.878 kvinneunderskrifter for norsk sjølvstende. Som ein kuriositet kan ein nemne at det er denne dama som vert kalla ”sanitetskvinnenes mor”.
Så til mennene si rolle. Her må ein med respekt få lov å nemne kong Oscar, som ikkje ville ha krig og blodsutgydelse. Det store norske namnet som er blitt ståande er Christian Michelsen. Han var klok og ein resultat-pådrivar. 44 år gamle Fridtjof Nansen hadde vunne seg eit internasjonalt namn, og han fekk ei stor diplomatisk utfordring i det å få ein konge på plass. Frå 7. juni til 25. november då kong Haakon, dronning Maud og prins Olav kom til Oslo hadde det vore så hektisk at det fortona seg uovervinneleg i ettertid.
Statsminister Christian Michelsen kalla tida etter 1905 for ”den nye arbeidsdagen”.

Sommaren 1914 var visstnok den vakraste og varmaste i manns minne. Folk festa og feira i glederus 100-års jubileum etter 1814. Men den 28. juni small det to fatale skot i Sarajevo, der det austerriksk-ungarske troneføljeparet vart myrda, og dermed var den første verdenskrigen under oppstart. Det vart fire harde år. Ein nervepirrande balansegang for å halde Norge utanfor krigen. Endå ein gong kom Fridtjof Nansen sitt gode namn og rykte til hjelp for landet. Forhandlingane han hadde med amerikanarane vart kalla ”Nansen misjonen”. Dei allierte stormaktene ville presse fram viljen sin om at nøytrale land som Sverige og Norge skulle velge side. Den norske regjeringa var seg bevisst landet sin beliggenhet. Den lange kystlinja var attraktiv for dei krigande partane. Vi kom ikkje med i krigen, men mange norske sjøfolk miste livet, og ein stor tonnasje gjekk tapt. Sommaren og hausten 1918 var uhyggeprega. Medan ein augna slutten på krigen hadde ein døds-epidemi starta i Spania, og Spanskesykja spreidde seg over heile verda. Det er sagt at den kravde 15 millionar menneskeliv.
Etter dette kom ei jobbetid som nådde toppen i 1920 og enda med eit skremande børskrakk og påfylgjande krise. Bankane gjekk overende, luksushus/bygg datt saman som korthus og arbeidsløysa var stor. Det var vanskelege år, men livet kom etterkvart i gjenge, og landet skulle byggast.



Ein må undre seg om det som hende i forkant av 1914 var same søvndyssande likegyldighet som i 1940. Tyskarane sin okkupasjon av Norge 9. april ser ut til å komme som lyn frå klår himmel, sjølv om Adolf Hitler hadde ropa og skrike i årevis. Det kan slett ikkje seiast at han gjekk stilt i dørene. Det han sette i gang var både utruleg og uhyggeleg. Kongen og kronprinsen synte med fasthet og styrke korleis det norske folket burde forholde seg til okkupantane. Om dei fem åra under tysk herrevelde er det skrive utallege linjer. Slett ikkje alle like seriøse. Det kjem an på auge som ser. Alt det negative under krig og okkupasjon kjenner vi vel til: Dei som for eiga vinnings skuld ofra æra og eigne landsmenn.. Tortur, svolt, sakn og liding. Midt oppi dette kom det fram ei hjelpsamhet og ein solidaritet som var eineståande. Kvar ein åkerlapp vart dyrka. Det var ”villa-grisar” og ”spiskammerhøns” - uttrykk som fortel at alt måtte takast i bruk til føde. Folk delte på mat og klede. Gamle handverk vart tekne fram att for å lage sko, kle og innbu. Kreativitet og fantasi gjorde ting mogeleg.

Den 8. mai då Tyskland kapitulerte vart det ein jubel og fest som ingen ende ville ta. Kongefamilien kom heim og framtida var lys og lovande. Den utviklinga som har vore frå 1945 og fram til i dag er eventyrleg, både på godt og på vondt. Teknologisk framgang kan ta pusten frå dei som har fylgt med. Den gjer mange ting som tidlegare var utenkeleg, mogeleg. Likevel er det eit paradoks at medan det vert gjort reiser til månen, er der ikkje økonomi til å vedlikehalde vegane her nede på jorda, i eit ørlite oljeland oppe under Nordpolen.
Det norske oljeeventyret som fortel oss om rikdomen langs norskekysten er fantastiske ressursar. Fisken i havet, den som saman med poteta gjorde at forfedrene våre overlevde, kan aldri verdsettast nok. Jordbruket var med og ga allsidig næringsliv og sjølvforsyning.
Når ein løfter blikket og ser framover, vil det vere vanstyre å ikkje ta vare på denne balansen og føre den vidare.

Til slutt ein hyllest til dei unge.
Ei lita gruppe negative ungdomar får all mediemerksemd fordi dei lagar til kvalm og uro, ja endåtil vald og drap, men alle dei tusener friske, positive unge som har uana krefter og ressursar vil kunne ta vare på landet vårt framover. Dei er samfunnsengasjerte og har kritiske merknader til vår tid med skilnaden mellom fattig og rik. Og mange av dei ser med skepsis på statusjag og vår samling av ting.
Vi må ynskje at dei får bruke dei positive kreftene sine og helse dei lukke til!

Ingebjørg Tenden

Gå til nyhendearkiv

SKAL BRYGGJA VERE EIGE SOKN??
Stor takk
Bryggja Bygdatun
Siste frist for påmelding til julebord i grendahuset
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Status pr. 26.oktober. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
Har de leikar, ting til skulekjøkkenet o.l. så tek Bryggja Skule imot

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
28. des
Romjulsdans med revy 28 desember
Bryggja Bygdatun