Torsdag 5.desember 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Hei og Hå 4H - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Distriktsleir

Hestehoven 4H på Hjelle inviterte til leir ved Langevatnet i Stigedalen. leirområdet var lagt til Sagesetra i Fladalen. Dette var eit kjempeflott område og arrangørane gjorde ein super jobb!

Leiren starta fredag ettermiddag med høgtidleg opning, natursti og grilling. Laurdag hadde ein på førehand meldt seg på ulike aktivitetar; fisking, fyrstehjelp, kanopadling, linedance, decoupage, fjelltur, fugleholk/spikking og teater. Vi hadde også volleyballturnering og tautrekking. Om kvelden var det program, grilling, lage leirminne og sosialt samvær. Vi i Hei og Hå 4H hadde det veldig bra på denne leiren og vil skryte av medlemmane i Hestehoven 4H og klubbrådgjevarane deira Aslaug og Hilde!

Denne flotte gjengen med ungdomar var samla til leir
Denne flotte gjengen med ungdomar var samla til leir
Temperaturen kom ned i nesten 1 grad om natta, så lavu med vedomn var godt å ha.
Temperaturen kom ned i nesten 1 grad om natta, så lavu med vedomn var godt å ha.
Vi hadde det kjekt og varmt inne i lavuen.
Vi hadde det kjekt og varmt inne i lavuen.
Kvar morgon var det flaggheising med 4H lovnaden og informasjon om dagen.
Kvar morgon var det flaggheising med 4H lovnaden og informasjon om dagen.
Frokost i det fri.
Frokost i det fri.
Vi fiska i Blakkesetrevatnet.
Vi fiska i Blakkesetrevatnet.
Kanopadling på Langevatnet.
Kanopadling på Langevatnet.
Ei pause i kanopadlinga.
Ei pause i kanopadlinga.
Eine posten på naturstien gjekk ut på å finne ut kva slags reiskap som var mest effektivt å fylle baljen med.
Eine posten på naturstien gjekk ut på å finne ut kva slags reiskap som var mest effektivt å fylle baljen med.
Her måtte vi over og under taua på kortast mogleg tid.
Her måtte vi over og under taua på kortast mogleg tid.
Ole Alsaker fortalde mykje spennande om stølslivet i gamle dagar.
Ole Alsaker fortalde mykje spennande om stølslivet i gamle dagar.
Volleyball er sjølvsagt på 4H leir.
Volleyball er sjølvsagt på 4H leir.
Tautrekking er både kjekt og tungt, det beste laget vann!
Tautrekking er både kjekt og tungt, det beste laget vann!
Leir er også å treffe nye vener.
Leir er også å treffe nye vener.
Alle fekk lage seg ein cap til minne om denne flotte leiren!
Alle fekk lage seg ein cap til minne om denne flotte leiren!
Linedance gruppa opptrer i flott stil!
Linedance gruppa opptrer i flott stil!
Nokre av leiarane var ubegripeleg flinke å danse!
Nokre av leiarane var ubegripeleg flinke å danse!

Gå til nyhendearkiv

Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
8. des
Søndag 8.desember kl 16.00 blir det gudsteneste i Totland Kyrkje.
15. des
Julekonsert i Totland kyrkje
Bryggja Skulekorps
15. des
JULEKAFÈ i Grendahuset etter julekonserten i kyrkja
Ytre Nordfjord Brass