Måndag 10.desember 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Hei og Hå 4H - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Aktivitetsdag på Søholmen

Klubben vår held til på kysten og vi er opptekne av at medlemmane våre får vere med på uteaktivitetar ved sjøen. Vi brukte heile dagen på det flotte friluftsområdet på Søholmen. Det er no komen flott veg ned til området, så no skulle det ikkje vere noko i vegen for at enno fleire tek dette området i bruk.

Vi hadde på førehand leigt inn to flinke karar til å aktivisere medlemmane. Det var Magnus Willumsen som driv kystleirskule i Krokapollen, og Rogier van Oorschot som driv firmaet Norway Adventures frå Davik. Vêrgudane var ikkje med oss denne dagen, men sjølv om det både regna og bles hadde vi ein super dag!

Vi starta dagen med å dele oss inn i grupper. Vi kunne velje mellom kajakk, tube, matlaging og fisking.
Vi starta dagen med å dele oss inn i grupper. Vi kunne velje mellom kajakk, tube, matlaging og fisking.
Vi fekk opplæring i korleis vi skulle halde åra når vi skal ut og padle.
Vi fekk opplæring i korleis vi skulle halde åra når vi skal ut og padle.
Det var ganske mykje vind, men padlinga gjekk unna.
Det var ganske mykje vind, men padlinga gjekk unna.
Etter litt trening fekk vi takta inn og kajakken gjekk framover.
Etter litt trening fekk vi takta inn og kajakken gjekk framover.
Dersom nokon av dei du padlar saman med, dett i sjøen er det viktig å kunne kameratredning. Vi fekk prøve oss på dette og det var lærerikt!
Dersom nokon av dei du padlar saman med, dett i sjøen er det viktig å kunne kameratredning. Vi fekk prøve oss på dette og det var lærerikt!







Fangsten i løpet av nokre timar, skulle ynskje fiskane var litt større, men gleda av å fiske er stor uansett resultat.
Fangsten i løpet av nokre timar, skulle ynskje fiskane var litt større, men gleda av å fiske er stor uansett resultat.
Etter nokre timar med aktivitetar, var alle skrubbsvoltne. Vi steikte hamburger på steiketakka vår.
Etter nokre timar med aktivitetar, var alle skrubbsvoltne. Vi steikte hamburger på steiketakka vår.
Medan vi venta på at hamburgerane skulle verte ferdige, fekk Magnus opp stemninga med trekkspel og song!
Medan vi venta på at hamburgerane skulle verte ferdige, fekk Magnus opp stemninga med trekkspel og song!
Etter kvart vart vi i 4H så flinke med trekkspel at vi kunne bidra.
Etter kvart vart vi i 4H så flinke med trekkspel at vi kunne bidra.
Kult å køyre tube!
Kult å køyre tube!
Det bar rett i sjøen etter at turen på tuba var over. Det hadde nok blitt litt kaldt dersom vi ikkje hadde hatt våtdrakter på oss.
Det bar rett i sjøen etter at turen på tuba var over. Det hadde nok blitt litt kaldt dersom vi ikkje hadde hatt våtdrakter på oss.

Gå til nyhendearkiv

SKAL BRYGGJA VERE EIGE SOKN??
Stor takk
Bryggja Bygdatun
Siste frist for påmelding til julebord i grendahuset
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Status pr. 26.oktober. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
Har de leikar, ting til skulekjøkkenet o.l. så tek Bryggja Skule imot

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
28. des
Romjulsdans med revy 28 desember
Bryggja Bygdatun