Søndag 25.august 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Sanitetsforening - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Referat frå årsmøte

Av Astrid Midtbø

Årsmøte 2006 i Bryggja Sanitetsforening

Bryggja Sanitetsforening hadde årsmøte på Fjordly 9.februar med 21 medlemmar tilstades. Av årsmeldinga går det fram at foreninga pr.31.12.05 (hadde) har 148 hovudmedlemmar, 93 familiemedlemmar og 2 støttemedlemmar. Foreninga har i året som gjekk hatt 2 utsendingar til regionalt info-møte på Nordfjordeid, 2 til orienteringsmøte i Florø, vi har delteke på fleire møter angåande situasjonen for Nordfjord Sjukehus og hadde 2 utsendingar til fylkesårsmøtet som i år var på Bryggja.
Det var eit stort løft for foreninga, men med god hjelp av bygdefolket vart det eit vellukka arrangement som vi har fått mykje ros for. I samband med fylkesårsmøte nytta vi Fjordly og Holmely til overnatting og møtelokaler, og Bryggja Grendahus til mottaking fredag og festen på laurdagskvelden.
No er vi 18 aktive medlemmar i foreninga. Vi arrangerte turar i skog og mark kvar tysdag ettermiddag frå mai til september. I mai deltok vi på ”Vårsleppen” i Bryggja sentrum med sal av rømegraut og lodd.
Siste helga i mai hjelpte vi Vestavind då dei arrangerte stort songarstemne. Vi fekk god hjelp attende i juni på festkvelden på fylkesårsmøtet både med song og servering.
Frå september begynte vi å gå med handlevogna på Omsorgsenteret då bebuarane var flytta inn att. Vi serverte kaffi og kaker til dei den dagen dei kom igjen.
I slutten av september gjekk sanitetsdamene med bøsser på Bryggja og i Almenning og samla inn pengar til MR maskin ved Nordfjord Sjukehus.
På basaren vår den 23.oktober var vi så heldige å få besøk av radiograf Bjørn Tore Haugen som hadde ei interessant orientering om MR maskina. Basaren er den viktigaste inntektskjelda for saniteten, og vi hadde eit nettoresultat på kr 26000,-.
Andre inntektskjelder er sal av fastelavnsris.

I 2005 støtta vi merkesakene: Kreftsaka, revmatisme, barnesjukdomar, osteoporose, kvinnemedisinsk forsking og psykisk helsevern i Sogn og Fjordane med kr 2000,- kvar. Vi støtta Bryggja Grendahus med kr 5000,- til piano, MR maskina med kr 10000,- og dagsenteret Bryggja omsorgsenter fekk kr 16000,- til oppvaskmaskin.
Alle nyfødde på Bryggja og i Almenning fekk kvite badehandkle med saniteten sin logo på.

Styret i 2006 er:
Leiar:
Lillian Kriken

Nestleiar:
Marit Nore Sørhaug

Kasserar:
Randi Husevåg

Skrivar:
Astrid Midtbø

Styremedlem 1:
Alvhild Tunold

Styremedlem 2:
Liv Midtbø

Varamedlem 1: Laura Hole
Varamedlem 2: Randi Kvamme

Dei som vil låne krykkjer av sanitetsforeninga kan henvende seg til Magnhild Kjøllesdal. Bilbarnestolane kan lånast ved å henvende seg til Gunnvor Svoren på Omsorgsenteret.

Bryggja Sanitetsforening vil takke alle som har vore med å støtte oss i arbeidet vårt i året som gjekk.

Helsing
Bryggja Sanitetsforening.

Gå til nyhendearkiv

Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Onsdagsturane og kløverutrane i 2019, plakat
Bryggja Sanitetsforening
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. okt
Salsmesse
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind