Torsdag 21.februar 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja skule - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Aking på Hole

Det har vore så fantastisk vêr i det siste at vi med glede bytte ut kunst og handverk til fordel for aking. Vi tok turen til Hole i Rimstaddalen.

Rune hadde preparert bakken med traktor og køyrd opp ei kjempeflott langrennsløype. Men det tøffaste var å ake på ein oppblåst traktorslange inni ein rundballe sekk! Ungane kvina av fryd og det var ikkje fritt for at ein fekk ei kjensle av å vere på tivoli når vi sette utfor bakken, for dette gjekk skikkeleg fort! Alle var einige om at vi ikkje kunne setje verdensrekord, så vi prøvde å setje Holerekord i kvart forsøk vi hadde nedover.

Garden Hole bada i idyllisk sollys denne fantastiske marsdagen!
Garden Hole bada i idyllisk sollys denne fantastiske marsdagen!
Aktivitetar for alle!
Aktivitetar for alle!
Det måtte planleggast kvar ein skulle liggje på traktorslangen. Dei lengste måtte liggje i midten og dei kortaste ute på sidene.Rekorden har 6.klasse. Dei fekk heile klassen på seks stykker opp på hjulet.

Uvæææ, no er det like før vi set utfor det brattaste punktet i bakken!
Uvæææ, no er det like før vi set utfor det brattaste punktet i bakken!
Denne gongen vart det ikkje ny Hole rekord, men det gjekk fort!
Denne gongen vart det ikkje ny Hole rekord, men det gjekk fort!
Ganske travelt å dra
Ganske travelt å dra "tuba" opp att!
Her vert dei som skal ake i plastikksekk pakka inn.
Her vert dei som skal ake i plastikksekk pakka inn.
Opp med føtene!
Opp med føtene!
Aking på plast i denne bakken gjekk unna! Vi måtte gøyme oss inni plasten for ikkje å få ansiktet fullt av snø.
Aking på plast i denne bakken gjekk unna! Vi måtte gøyme oss inni plasten for ikkje å få ansiktet fullt av snø.
Kjempeflott bakke å lære seg å stå på snowboard.
Kjempeflott bakke å lære seg å stå på snowboard.
Pass opp, no kjem eg!
Pass opp, no kjem eg!

Gå til nyhendearkiv

Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Status pr. 26.oktober. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
Har de leikar, ting til skulekjøkkenet o.l. så tek Bryggja Skule imot
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Søknadskjema for elevopptak i Bryggja skule AS, og skjema for samtykkje
Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun

24. feb
Ekstra ordinær generalforsamling i Bryggja Skule AS (vedlagt innkalling og fullmaktskjema)
28. feb
Årsmøte i Pensjonistlaget
Bryggja Pensjonistlag
2. mar
Fastelavsens kafé i Dagsenteret, vi selger ris i bygda frå 23.februar
Bryggja Sanitetsforening
10. mar
YNB held konsert i Flatraket skule, sjå plakat på butikkane
Ytre Nordfjord Brass
10. mar
"SYNG MED OSS" i Bryggja Grendahus
Vestavind
24. mar
Årsmøte m/utdeling av merker
Bryggja Skyttarlag
6. apr
Dugnad på skytebana Nave
Bryggja Skyttarlag
28. apr
Samlagsstemnet i Felt
Bryggja Skyttarlag