Torsdag 13.desember 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Pensjonistlag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Årsmelding for 2005

Av Jofrid Solibakke

Dette året har vi halde åtte lagsmøte og tre styremøte. Medlemstalet siste året var 54, med kr 150 i medlemspenger.
I februar hadde vi valg og Eldbjørg i valgnemnda hadde overtalt alle til å stå vidare.
Rommet på loftet er no ferdig, men så er det dette skåpet vi vonar kjem snart.

Solveig og Per har kjøpt gevinstar og halde basar i 10 år, så dei ville ha avløysing.
Margun ville ta på seg den jobben og kjøpe inn gevinstar.

Fylkesårsmøte var på Kvikne Hotell i Balestrand, der møtte Arvid Nore og Arnvid Nore frå pensjonistlaget.
Turnemnda fekk til ein dagstur til Knuteholmen med stopp i Rugsund, fekk sjå kyrkja der og kaffipause med Søren på Kolseth. Middag på Knuteholmen og tilbake om Svelgen og Ålfotdalen. Alt var godt tilrettelagt, men veiret var ikkje mykje å skryte av. Turen vart heitande "Skoddeturen".
Eg hadde ikkje høve å vera med, men når eg les referatet til Søgni så er det som eg skulle vore med på turen. Takk til Ragnhild og Jetmund for godt tilrettelagd tur og Søgni for godt referat.

Etter sumarferien har vi hatt tre møte, for i november hadde vi julemøte på Fjordly.
På møtet i oktober hadde vi besøk av Helge Kragseth som fortalde om Noas ark og hadde med miniutgåve av flåten han hadde laga. Eit koseleg innslag.
Så har to frå pensjonistlaget, Rigmor og Harald, vore på laurdagskaféen og Arne Owesen har vore med oss med koseleg musikk på alle møte (minus 1). Takk og takk!

Fyrst i november var det fylkesårsmøte på Skei. Der møtte ledar og nestledar. Arnvid hadde fått veske med refleks på med Statens vegvesen til alle i laget. Dei delte han ut på julefesten på Fjordly.

Vi har mista tre stykke frå laget siste året; Oddmund, Karl og Sigvardt.
Fred vere med deira minne!

Gå til nyhendearkiv

SKAL BRYGGJA VERE EIGE SOKN??
Stor takk
Bryggja Bygdatun
Siste frist for påmelding til julebord i grendahuset
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Status pr. 26.oktober. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
Har de leikar, ting til skulekjøkkenet o.l. så tek Bryggja Skule imot

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
28. des
Romjulsdans med revy 28 desember
Bryggja Bygdatun