Måndag 10.desember 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Pensjonistlag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Turen til Kvamsøy

12. juni 2006

Av Jofrid Solibakke

Fotograf: Harald Maurstad og Klara Heggedal

I strålande sol og sumarvarme samlast vi til tur kl 10. Bussen starta frå Lote, men dei fleste kom på med Grendahuset, fem kom på i Bakken og fire på Nave.
Sjåføren var frå Raudeberg og fekk køyra på nylagd asfalt i Navestranda. Vegen er ikkje heilt ferdig til grensa. Turen gjekk vidare til Åheim, rundt Syltefjorden til Fiskå. Vidare ut med stranda til venstre så vi fekk sjå Stad på andre sida av fjorden.

Vi hadde kaffipause med Helge Kragseth. Dei som ville kunne komme oppi stova og på verandaen hans. Han fortalde om ting og tang frå eldre tider, om fjell og holmar. Ein frå Davik hadde dreve brennevinshandel på Hauksholmen, no budde det inger der.
Kl 12 gjekk ferja frå Åram, bussen måtte rygge ombord. Gjekk fyrst til Voksa og så til Kvamsøy. Owesen underheldt med musikk, litt sang var det og på ferja.




På Kvamsøy stod Kari med flagg og tok imot oss. Ho hadde vore reiseleder i Ørsta, var gift Ristesund og driv med turistguiding på Kvamsøya og i utlandet.
Vi køyrde utover på sørsida av øya, det var smal veg så bilane måtte rygge for bussar. Det var ein del hus som stod tome, for det var berre fire som dreiv med mjølk, to på sørsida og to på nordsida av øya, men dei slo med dei som ikkje hadde dyr, og slåtten var komen i gong der ute.
Der var to store gravhaugar nedi fjøra, og ei stor minnestøtte etter diktaren Bernt Støylen, som var fødd der.
Basneset låg lenger ute, der var minner frå krigen, men der var vanskeleg å snu, så vi snudde innatt mot kaia. Der låg ein fiskebåt (Stålegg senior) og ein plastfabrikk med 50-60 arbeidsplassar.
Vi køyrde forbi Dyssjaneset mot Ristesund der Kari budde. Der var flatt og dei to største mjølkebønderne var der. Det måtte vere bra veirhardt, vi såg rett ut i havet og Svinøy fyr som ein liten mygg ute i synsranda. Vi snudde på tunet der ei jente, Sara Ristesund, budde. Ho hadde vore med i ”Idol” og vi fekk sjå både henne og foreldra, dei sat ute og sola seg.
Så var det same veien tilbake, hadde stopp med ein på 75 år og såg på hagen hans. Han må ha samla garnkuler frå heile øya. Der var 2000 kuler, flasker og små sylteglas som han hadde sett saman i alle slags fasongar, nokre hadde han lys i. Så vi måtte kome att når det vart mørkt, då skulle han slå på lyset. Han hadde både mjølkekyr og ungdyr og hytte til utleige, så det var litt av ein tusenkunstnar.



Glashagen.


 © Klara Heggedal




Vi køyrde opp til eit forsamlingshus dei hadde. Der var dekka til middag, tre langbord, fint pynta og med songar. Vi song bland anna "Vestland, Vestland" og" De nære ting".
Vi fekk god middag: Kjøttkaker med tilbehør, sviskekompott til dessert. Det smaka svært godt. Etter middag tok vi ein liten pause så Arvid og Marit tok inn penger for turen, kr 300 for medlemer og 400 for andre + betaling for middagen. Elles kunne vi kjøpe lodd, pengane gjekk til huset. Der var ein stor omn som hadde stått i Sande Kyrkje og det var gudsteneste 3. kvar søndag på huset.
Ei av damene hadde ulltøfler og pynt til salgs. Så var det kaffi med platekake og swissrull og underhaldning av fire 11-åringar; to tvillinggutar og 2 jenter. Eine guten song åleine. Dei tre andre song Björn Afzelius "Mitt hjarta kan gå i tusen bitar" med kassett til.
Ei av damene las eit dikt av Jakob Sande, I Eventyrskogen.
Medan vi drakk kaffi fortalde ein mann på 85 år om ein tysk konvoi som vart bomba ute i fjorden i 1944. Nokre båtar sokk og nokre dreiv oppi fjøra så det vart store eksplosjonar, men folk på øya vart varsla, så ingen omkom av dei.
Vi song "Blåveispiken" og "Fager kveldssol smiler". Owesen spela og vi song "Dansen går ut på Kvamsøya" og "sangen til bygda".
Arnvid takka frå laget for ein strålande dag og kjekke folk å vere ilag med.
Kl 16.15 bussa vi opp til skulen. Det hadde vore to skular før, ein både på nord- og sørsida. Han som var rektor hadde vore det i 18 år, før det lærar. Skulen var bygd i 76-77 så han var 30 år, hadde 32 elevar frå 1.-10. klasse. Det var barnehage i same bygget med 15 ungar. Dei hadde samla stein frå mange plassar i Norge og utlandet. Det var to store montera med lapp på kvar stein kvar dei var ifrå. Dei hadde Samvirkelag med post og telefon på kaia.




Ferja gjekk kl 17. Kari fylgde med på kaia og takka alle for laget og ynskte oss velkomne igjen. Vi korta tida med song. Owsesen spelte så ferjeturen gjekk fort i stilt og varmt ver. Vi kom til Åram og no køyrde vi andre veien forbi Søre Brandal til Koparnes.
Frå Koparnes til Fiskå var Kjellfrid guide og fortale om kvar Mons Sandnes som er i landsstyret for pensjonistane budde, men det var tome hus der og, og skogen hadde vokse sidan ho rende på ski der.
Sjåføren losa oss vel heimatt, hadde fyrste stopp på Nave. Takk for laget til alle.
Vi gjekk av i Bakken og gjekk siste stykket heimatt.
Vi hadde iallfall veret på vår side dette året.


Gå til nyhendearkiv

SKAL BRYGGJA VERE EIGE SOKN??
Stor takk
Bryggja Bygdatun
Siste frist for påmelding til julebord i grendahuset
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Status pr. 26.oktober. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
Har de leikar, ting til skulekjøkkenet o.l. så tek Bryggja Skule imot

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
28. des
Romjulsdans med revy 28 desember
Bryggja Bygdatun