Torsdag 21.februar 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Hei og Hå 4H - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Haustfest

Hei og Hå 4H hadde stor suksess med årets haustfest. Det var fullt i storsalen i Grendahuset og dei frammøtte fekk sjå ei flott utstilling med prosjekta som 4H `arane har jobba med gjennom året, godt program, nydelege kaker og 4H pizza.

Festen vart leia av Tone og Isabelle som gjorde ein super innsats som konfransierar for kvelden. 4H`arane hadde øva inn eit skodespel som heitte "Eventyret om Snøkvit, Tornerose, Askepott og dei 7 karaokedvergane. Det er skrive av Gislaug Heinum. Stykket handlar om dei tre prinsessene som freistar å få tak i ein vakker prins og bli rik og berømt. Dei vil difor delta i Idol for å få orden på kjendisstatusen. I Idol møter dei på dei 7 karaokedvergane som allerede er kjendisar for tidlegare opptredenar i dette programmet. Vi fekk også sjå eit flott dansenummer, vakkert pianospel av Oline Birgitte, ein fin presentasjon av 4H året i bilete av Mariel og merkeutdeling.
Hilde Sværen kom frå 4H kontoret i fylket og ho skrytte av innsatsen til medlemmane. Ho er også fotograf av alle bileta de får sjå her.

Isabelle si utstilling av prosjektet matstell. Ho hadde klubbaktivitet der ho serverte tamilsk gryte, salat og heimelaga nanbrød.
Isabelle si utstilling av prosjektet matstell. Ho hadde klubbaktivitet der ho serverte tamilsk gryte, salat og heimelaga nanbrød.
Flott aspirantprosjekt med eit maritimt fokus.
Flott aspirantprosjekt med eit maritimt fokus.
Andreas si flotte kake
Andreas si flotte kake
Oline Birgitte hadde kalven Malin som 4H prosjekt
Oline Birgitte hadde kalven Malin som 4H prosjekt
Anjali hadde dyrka ei solsikke som var 3.40 m høg!
Anjali hadde dyrka ei solsikke som var 3.40 m høg!
Så høgt må ein klatre for å plukke solsikkefrø!
Så høgt må ein klatre for å plukke solsikkefrø!
"Jeg fikk av min mamma en teddy...." Idol Prosit og Idol Spretten fekk det til å rykke i dansefoten!
"I i`m hooked on a feeling...." Tornerose svinga!
Idoldommarane var både rørt til tårer, sinnsvakt begeistra og heilt oppgitte!
Idoldommarane var både rørt til tårer, sinnsvakt begeistra og heilt oppgitte!
"Hjalmar, Hjalmar gikk på skolen i fjerde...." Prinsen rocka!

Gå til nyhendearkiv

Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Status pr. 26.oktober. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
Har de leikar, ting til skulekjøkkenet o.l. så tek Bryggja Skule imot
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Søknadskjema for elevopptak i Bryggja skule AS, og skjema for samtykkje
Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun

 

24. feb
Ekstra ordinær generalforsamling i Bryggja Skule AS (vedlagt innkalling og fullmaktskjema)
28. feb
Årsmøte i Pensjonistlaget
Bryggja Pensjonistlag
2. mar
Fastelavsens kafé i Dagsenteret, vi selger ris i bygda frå 23.februar
Bryggja Sanitetsforening
10. mar
YNB held konsert i Flatraket skule, sjå plakat på butikkane
Ytre Nordfjord Brass
10. mar
"SYNG MED OSS" i Bryggja Grendahus
Vestavind
24. mar
Årsmøte m/utdeling av merker
Bryggja Skyttarlag
6. apr
Dugnad på skytebana Nave
Bryggja Skyttarlag
28. apr
Samlagsstemnet i Felt
Bryggja Skyttarlag