Torsdag 17.oktober 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Sanitetsforening - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Bryggja Sanitetsforrening anno 2006

Orrientering på Sanitetsbasaren 05.11.2006

Av Marit Nore Sørhaug

Arbeid, innkjøp og kostnadar i nærmiljøet dei sisste åra !

Vi vil starte denne orrienteringa med fortelje at i år er det 110 år sidan Norske Kvinners Sanitetsforrening vart stifta. NKS vart stifta i ei tid då trongen for ein humaniter velferdsorganisasjon nok var meir naudsynt enn nokon gong tidligare.
Og i alle desse åra har Sanitetsforreningane landet over gjordt eit banebrytande arbeid innan for helse og velferd, og ikkje minst i kampen for opplysning og forskning for å bekjempe dei store folkesjukdomane våre.
Berre heilt kort om lokal historie: Bryggja Sanitetsforrening vart stifta i 1964.
Dette hadde samanheng med dei nye kommune-inndelingane på 60-talet.
Tidligare Davik kommune vart då utsletta og innlemma i nabokommunane!
Områda på nordsida av Nordfjord som før hadde ” sanitets-samarbeid ” med hovedforreninga på Davik, vart då utan slikt samarbeid i Vågsøy kommune, då
” Saniteten ” hovedsakleg la vekt på å innrette seg etter kommunegrenser, avdi lokale tilhøve var best eigna og i samarbeid med det offentelege og kommunale helsevesen. Framsynte kvinner såg trongen for eit NKS- lag også i Vågsøy.
Det nye sanitetslaget på nordsida av fjorden fekk namnet Totland sokn Sanitetsforrening og omfatta området Bryggja – Almenning.
Men det var berre på Bryggja ein fekk i gang ei aktiv arbeidsforrening, som no heiter Bryggja Sanitetsforrening.
Men området i Almenning har alltid vore med i NKS-samarbeidet, og stiller velvillig opp i dei sentrale sakene,- som salg av mai-blomster, salg av fastelavensris, fylkeslotteri mv. og NKS har mange medlemar der, og ein styremedlem eller varamedlem er alltid reservert dette området.
Folket i Almenning har og støtta godt opp om sanitetsarbeidet lokalt, på lik linje med folket på Bryggja, som alltid har støtta dette arbeidet lojalt og godt.
Bryggja Sanitetsforrening, som no er ei sjølvstendig forrening tilslutta fylkeslaget, og har såleis heilt frå starten av i 1964 vore tilslutta Norske Kvinners Sanitetsforrening .
Organisasjonen NKS med alle lokal-laga landet over kan sjå attende på eit stort og banebrytande arbeid i kampen mot folkesjukdomane, og vår forrening på Bryggja tilgodeser i kvart einaste budsjett beskjedne løyvingar som går td; til forskning, utvikling og opplysning av ulike helseførebyggande tiltak mv.
Norske Kvinners Sanitetsforrening sitt slagord: ” Omsorg i lokal-miljøet ”
er meir og meir aktuelt og det vert meir og meir viktig.
Dei lokale sanitetsforreningane er ofte gode vegvisarar og støttespelarar i det lokale omsorgsarbeidet, og det skal vi og framleis vere her i vårt lokale og nære miljø. Vi vil då i korte trekk sjå på noko av det vi har støtta økonomisk og i samarbeid med andre fått gjennomført her i nærmiljøet vårt :
Vi kan då starte her i Grendahuset vårt, der vi er ein av dei faste bidragsytarane, samtidig som vi og dei sisste åra har støtta direkte til innkjøp av td: ny oppvaskmaskin til kjøkkenet her og eit bidrag til kjøp av det fine pianoet her i huset, gode og nyttige ting til glede og nytte for oss alle.
Så har vi og i alle år støtta Omsorgs-senteret vårt, tidligare Bryggja Aldersheim,
Kvart år med gode og nyttige ting, gjerne i form av gåver og l.
I 2004 kjøpte Bryggja Sanitetsforrening ny oppvaskmaskin til dagsenteret der, som og er til nytte og gagn for bygde-kafeen om laurdagane.
Sanitetsforreninga er og eit fast innslag der med ei ambulerande salgsteneste annan kvar torsdag, dette må ein vel og seie har ein sosial profil i høve til bebuarane der.
Legekontoret på Bryggja var og eit av ” hjertebarna ” våre, dessverre så fann eit fleirtal av våre folkevalde ut at det måtte vekk, og det beklagar vi sterkt.
Sanitetsforreninga hadde kjøpt inn det meste av inventaret på venterommet der. Møblane vart plasserte rundt om i bygda der det trongst.
Vi hadde og kjøpt inn ein spesial-stol til sjølve kontoret, som skulle brukast til pasientane ved blodprøve-taking.
Dei meste av desse tinga var det teke atterhald om skulle tilhøyre bygda her og ikkje Vågsøy kommune. Dei fleste brukstinga var det relativt greit å finne ein plass til, men denne spesial-stolen var det verre å finne ei eigna plassering for.
Bryggja Sanitetsforrening tok då kontakt med labratoriet ved Nordfjord Sjukehus som hadde god bruk for denne stolen. Ja, vi fekk eit varmt og fint brev tilbake med stor takk. Slik ein skjønte det så hadde ikkje dei budsjett til slike innkjøp, og den gamle stolen deira hadde for lengst sett sine beste dagar.
Så går vi til barnehagen på Fjordly, den har og fått nokre bidrag frå Sanitetsforreninga, litt har det vel blitt om ikkje det heilt store, men vi får sjå etter kvart.
Ungdomsklubb hadde vi og på Bryggja, ja, faktisk i ein fem / seks år. Om nokon melde si interresse så kan det vere aktuelt å halde fram med den.
Så må vi og få minne om at vi har eit beredskapslager som Sanitetsforreninga prøvar å halde oppdatert, krykkjer har vel vore det mest aktuelle for utlån, men matriellet der er for utlån og det held framleis til i huset hos Magnhild Kjøllesdal.
Så har vi utdeling av gåver til alle nyfødde, dei får ei aktuell gåve med NKS-logo, ( folketalsoppgang må sjåast på med svært posetive auge )
Totland kyrkje har ” Saniteten ” og sett som ein stad som treng omtanke og støtte, der gav Bryggja Sanitetsforrening i fjor eit beløp på kr: 10 000,- til innkjøp av nye konfirmantkapper, og det trongs virkeleg. Dette då etter samarbeid med kyrkjelydsutval og sokneråd.
Vi kan berre kort få nemne at ein tidligara og har støtta kyrkja med puter i benkane og katafalk. ( under bårene )
Kyrkja vår er ein sentral plass i alle sine liv, ein plass dei fleste av oss søker både i sorg og glede, så det å ha omtanke for kyrkja er godt i tråd med både grunnlag og historie innan for NKS.
Om vi går vidare på denne oversikta så har Bryggja Sanitetsforrening vore engasjert i to store innsamlingsaksjonar, ein i fjor og ein i år !
I fjor gjaldt det, som vi huskar MR-maskin ved Nordfjord Sjukehus. Det sisste vi veit der er at bygginga er kome langt og skal vere ferdig slik at den kan kome i fungsjon ut på nyåret eller tidleg vår. Ca. to million kroner vart samla inn i Nordfjord til MR-maskin ved sjukehuset vårt.
Innsamlingsaksjonen i år som Bryggja Sanitetsforrening hadde ansvaret for her på Bryggja og i Almenning var TV-aksjonen ” Leger utan Grenser ”
Og vi kan berre bringe vidare ei takk frå aksjonskomiteen i fylket. Det var eit godt resultat her i vår del av kommuna.
I 2005 var Bryggja Sanitetsforrening vertskap for fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane. Dette var ei stor oppgåve for eit så pars lite lag, og vi har all muleg grunn å takke folket i bygda her for hjelp og velvilje, det vise seg nok ein gong kor viktig det lokale fundamentet er.
I tillegg til lokalt arbeid som vi støttar og engasjerar oss i, så er og fleire av våre medlemar på kurs og konferansar i den grad vi ser dette som nyttig.
Ein organisasjon som NKS må sjølvsagt og formidle fagleg kunnskap.
Når det no tek til å nærme seg slutten av 2006, så har vi og i sanitetslaget vårt ein diskusjon om nye oppgåver og kva som trengst her i nærområdet. Vi tek sjølvsagt i mot ynskje og fornuftige ideear.
Vi tenkte ikkje dette skulle bli noko opplisting som kunne smake av sjølvros, det er langt frå Sanitetskvinnene sin agenda.
Vi meinte dette som ein informasjon ut til folket i bygda og området her som alltid har støtta sanitetsarbeidet og møtt oss med velvilje !
I korte trekk så vonar vi då denne oversikta gjenspeglar litt av det arbeid og engasjemang som har oppteke Sanitetsforreninga vår på Bryggja den sisste tida.Bryggja Sanitetsforrening anno 2006
Vi set stor pris på den almenne interresse for arbeidet vårt. Om folk flest ser at dei får noko att av gode tiltak i nærmiljøet så er det posetive tilbakemeldingar som er til glede og inspiasjon og motiverar for vidare arbeid i ” saniteten ”

Takk for god støtte ved basaren vår !

Bryggja Sanitetsforrening. V / M. N. S.

Gå til nyhendearkiv

Invitasjon til frivillige lag og org. i Stad kommune. Innbyggjartreff 26.okt på Nordfjordeid
Trekningsliste frå sanitetsbasaren. Takk for all støtte og hjelp!
Bryggja Sanitetsforening
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
20. okt
Bryggja Sanitetsforening er med som bøsseberarar i årets TV-asksjon
Bryggja Sanitetsforening
20. okt
HAUSTFEST FOR HEI OG HÅ 4 H, dørene opner kl 15.15.
Hei og Hå 4H
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind