29. november møtte 17 spente damer til Marion Tufteland frå Eid sin demonstrasjon av juleoppsats og vidare korleis ein kan pynte kransar og potteplantar til jul.
Etter demonstrasjon og utlodning gjekk praten livleg, og det var berre så vidt Rita fekk oss opp på hemsen til nydeleg juletallerken med kaffi attåt.
Marion Tufteland i aksjon
Alt vart nøye studert
Nye julefargar for mange av oss!
Ny vri på adventsbuketten
Spesielt fiskarkransen med knivskjel og blåskjel var ny og spennande!
Hovudgevinsten i lotteriet; høgreist og vakker
Blide hagelagsmedlemer har henta ny inspirasjon i godt selskap