Det var ein gong ein møllar med tre søner, eit esel og ein katt. Då møllaren døde fekk den eldste sonen mølla, den nest eldste fekk eselet og den yngste fekk katten. "Skaff meg eit par støvlar så eg kan vise meg blant folk, det skal du ikkje komme til å angre på", sa katten. Den yngste sonen gjorde som han vart beden om og då byrja spanande til å skje. Vi følgjer katten på hans reise til slottet der han møter både kongen og prinsessa, og vi får òg sjå korleis han sigrar over den vonde trollmannen som spreiar redsle blant folket. (Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Den kulturelle skulesekken)
Foto:Eilif Stene
|