Torsdag 2.juli 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Pensjonistlag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Sommartur til Fjærland

12. juni 2007

Av Jofrid Solibakke

Litt skodde i fjella og regntungt, men alle møtte presis og i godt humør. Bussen starta ½ 9 frå Lote, 10 min. på 9 frå Grendahuset.
Vi hadde Egil Holme frå Hyen som sjåfør, og då vi kom inn mot Eid kom sola.
Margun hadde vore i ymse bankar og fått gevinstar og noko hadde dei kjøpt, så loddboka gjekk att og fram i bussen (kr 2 per lodd). Karstein hadde brus, vatn og tørkerull til utdeling. Margun hadde songhefte ho delte ut. Owesen spelte og vi song fleire songar.
Vi hadde fyrste stopp på Byrkjelo. Der nytta Margun og Karstein høve å ta inn betaling for turen, kr 300 for medlemar og kr 400 for andre. Det vart to nye medlemar på turen.
Ved Bøyabreen var neste stopp, men vi køyrde litt for langt. Kaféverten likte ikkje at vi sat på hans plass og drakk kaffi. Vi kunne kome inn til han å kjøpe kaffi, så vi trekte oss tilbake. Fleire av damene hadde laga platekake og alle hadde litt mat og kaffi med, så vi kunne stoppe kvar som helst.
Vi køyrde til Fjærland, der skein sola og der var mange turistar frå ein båt som låg i Olden. Det vart ei lita stund å vente på filmen, så vi fekk sjå oss rundt. Vi kunne gå i tunnel under breen og sjå og handle ymse ting.
Så vart det klart for film, og det var mest som vi sat i helikopter. Starta frå Erdalen (Greidung) i Stryn med tre stk. på ski som vi fylgde over breen. Såg alle dalane som har armar av Jostedalsbreen. Filmen tok ca ein halv time.


 © Arnvid Nore

 © Arnvid Nore
Så bussa vi tilbake til Skei der vi skulle ha middag. Der hadde vore 250 gjester til lunsj før vi kom. Dei hadde óg vore i Fjærland og sett film. Middagen fekk vi forsyne oss av sjølve, varm og kald mat, dessert og kaffi. Vi song ”Songen til bygda”, Margun las dikt av Rigmor. Vi song ”Piken i dalen” og ”Hvite roser”. Owesen hadde selskap av hotellvert Skrede på trekkspel. Dei spelte ”Trønderbrura” til slutt.

 © Arnvid Nore

 © Arnvid Nore

 © Arnvid Nore

 © Arnvid Nore

Ei koseleg middagstund var over og vi bussa tilbake . På Byrkjelo tok vi over Utvikfjellet, forbi Utvik, Innvik og til Olden der vi hadde ein stopp for å strekke beina. Der låg turistbåten Braemar. Vi song ”Drømmen om Elin”, ”Vandringsmann”, ”De nære ting” og ”Vindsus”.
Vi køyrde forbi Loen og Stryn. Vidare utover tok vi Panoramavegen. På Fjelli hadde vi kaffipause. Det regna litt, så vi sat i bussen. Dei som gjekk ned på utkiksposten såg rett ned på turistbåten som var på veg ut fjorden. Medan vi sat i bussen trekte turnemnda gevinstane. Sjåføren fekk ein liten ting som takk for prikkfri køyring, og vi song bursdagssong for Karstein som vart 70 år om nokre dagar. Turen vidare heim gjekk fint og vi var etter ruta, ved Grendahuset 7 – ½ 8. Då var det opplett, så vi slapp å opne paraplyen.
Ein koseleg tur!

Gå til nyhendearkiv

Trekningsliste Bryggja skulekorps 23.06.2020
Bryggja Skulekorps
Sakliste og rekneskap til årsmøte i Bryggja utviklingslag den 29.06.2020
Plakat på saniteten sine onsdagsturane frå mai til 9.september 2020
Bryggja Sanitetsforening
Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun

 

8. jul
Onsdagstur til Kringla
Bryggja Sanitetsforening
15. jul
Onsdagstur til Skorsteinshola frå Navevatnet (nye skogsvegen)
Bryggja Sanitetsforening
22. jul
Onsdagstur Sætrevatnet frå Fagerlida
Bryggja Sanitetsforening
29. jul
Onsdagstur / Kløvertur til Tofta
Bryggja Sanitetsforening
5. aug
Onsdagstur til Yste Raudeggjevatnet frå Brunsvika
Bryggja Sanitetsforening
12. aug
Onsdagsturen til Ytre Hundeidesetra. Fellestur med Kjølsdalen. Merk kl 17.45 frå busskuret ved Bryggja Grendahus
Bryggja Sanitetsforening
16. aug
Søndag tur ilag med saniteten til Mosekleivhornet frå Hoddevikfjellet Stadt (fellestur), start kl 09.15
Bryggja Sanitetsforening
26. aug
Onsdagsturen/ Kløvertur til Navestøylen i Kjølsdalen, event til vatnet (fellestur), merk tidspunkt kl 17.30
Bryggja Sanitetsforening
2. sep
Onsdagstur til Rimsstadosen. Sløyfer setra i år også.
Bryggja Sanitetsforening
9. sep
Onsdagstur Torvhuse i trimløypa v/vassverket (grilling) KLØVERTUR
Bryggja Sanitetsforening
4. okt
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening